iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://ordbokene.no/nno/help/advanced
ordbøkene.no

Avansert søk

I avansert søk blir du ikkje videresendt til oppslagsordet om du søkjer på ei bøyd form, men du kan velje å vise treff i bøygde former og fritekstsøk i resultatlistene. Du kan òg filtrere etter ordklasse og søkje med jokerteikn.

Søk med jokerteikn

Dersom du er usikker på skrivemåten av eit ord eller ønskjer treff i meir enn éin artikkel, kan du bruke % og * for å få treff på null, eitt eller fleire teikn. Symbolet _ erstattar berre eitt teikn. Du kan plassere jokerteikna fleire stader i søkjeordet.

Døme

  • Søkjer du på «arbeid*r», er dei første treffa i nedtrekksmenyen «arbeider» i Bokmålsordboka og «arbeidar» i Nynorskordboka.
  • Søket «inter%es%ant» gjev treff på «interessant» i begge ordbøkene.
  • Søket «førsk%lær_r» gjev treff på «førskolelærer» i Bokmålsordboka og «førskolelærar/førskulelærar» i Nynorskordboka.
  • Søket «ku__» gjev treff på ord på fire bokstavar som startar på «ku».

Kombiner søkjeord

Symbolet | gjer det mogleg å søkje med fleire søkjeord samtidig. Det er òg mogleg å kombinere søkjeord som inneheld jokerteikn.

Døme

  • Søket «kjærlighet|kjærleik» gjev treff på «kjærlighet» i Bokmålsordboka og «kjærleik» i Nynorskordboka.
  • Søket «undervis_r|lær_r» gjev treff på «underviser» og «lærer» i Bokmålsordboka og «undervisar» og «lærar» i Nynorskordboka.