Zográfou
Utsjånad
Zográfou Lokalt namn Ζωγράφου | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 37°59′N 23°46′E / 37.983°N 23.767°E |
Areal | 8,52 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Sentral-Aten |
Hovudsete | Zográfou (69 874 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 69 874 (2021[1]) |
Folketettleik | 8201 /km² |
Zográfou (gresk Ζωγράφου) er ein kommune i dei austlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.[2]
Zográfou ligg om lag 5 km frå sentrum av Aten. Ei gate i bydelen er kalla opp etter Olof Palme.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog, men på midten av 1900-talet vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustad- og kontorbygningar igjen, bortsett frå dei nordaustlege områda. Noko skog finn ein i sør, søraust og i aust, og ein liten park ligg i nord.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Zografou frå Engelsk Wikipedia .