Valentin Serov
Valentin Serov | |
Verkeleg namn | Валентин Александрович Серов |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 7. januar 1865 St. Petersburg |
Død |
5. desember 1911 (46 år) |
Yrke | kunstmålar, lærar |
Språk | russisk |
Far | Aleksandr Serov |
Mor | Valentina Serova |
Valentin Serov på Commons |
Valentin Aleksandrovitsj Serov (19. januar 1865–5. desember 1911) var ein russisk kunstmålar, grafikar og portrettmålar. Han vert rekna som representant for dei russiske jugendstilmålarane.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Yngre år
[endre | endre wikiteksten]Han voks opp i ein kunstnarfamilie i St. Petersburg, både faren Aleksandr Serov og mora var komponistar. Etter Valentin i ei kortare tid hadde gått på gymnaset, fekk han rettleiing i teikning og måling av Ilja Repin i åra 1878 og 1879, i både Paris og i Moskva. I tida mellom 1880 og 1885 gjekk han i lære på St. Petersburg kunstakademi i heimbyen, hos Pavel Tsjistjakov. Repin og Tsjistjakov hadde vedvarande innverknad på hans tidlege verk. Større påverknad på hans kunst kom likevel gjennom verk av dei gamle meistrane, som Serov lærte å kjenne på museum i Russland og Vest-Europa. Han forlet akademiet med ein sølvmedalje og tok til å arbeide som sjølvstendig kunstmålar.
Eit av Serovs fremste verk i hans tidlege kunstnarår var Jenta med fersknar (Девочка с персиками) (1887), som i dag er utstilt i Tretjakovgalleriet i Moskva. Dette biletet er eit av dei tidlegaste russiske impresjonist-verka.
Portrettmåling
[endre | endre wikiteksten]Frå 1890 av vende Serov hovudmerksemda mot måling av portrett. I dei komande åra måla han mange samtidige landsmenn. Han var særleg interessert i skodespelarar, kunstmålarar og forfattarar. Mellom dei ein finn portrett av er til dømes Isaak Levitan (1893), Nikolaj Leskov (1894) og Nikolaj Rimskij-Korsakov, som han portretterte i 1898. Desse portretta er i dag utstilte i Tretjakovgalleriet.
I 1894 vart Serov med i Peredvizjnikij-rørsla. Omkring den tid byrja han i større grad å måle familieportrett, hovudsakleg av born og kvinner. Gjennom sine barneportrett prøvde han å fange det spontane og likeframme i augneblinken. Han søkte å oppnå dette ved å framheve mimikk og posering. Framifrå døme på dette ser ein i portrettet Born (Дети) frå året 1899, og i Mika Morosov (Мика Морозов), måla i 1901.
I tida frå 1890 til byrjinga av 1900-talet laga Serov også mange landskapsmåleri. Han underviste i åra frå 1897 til 1909 ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.
Seinare år
[endre | endre wikiteksten]Etter hundreårsskiftet konsentrerte Serov seg enno meir om portrettmåling. Han skapte i 1904 eit portrett av Maksim Gorkij som i dag er å sjå i Gorkij-museet i Moskva. Eit portrett av Maria Jermolova og ei kolteikning av Fjodor Sjaljapin viser drag av meir dramatisering i personskildringane.
I sine seinare kunstnarår varierte Serov med ulike måleteknikkar, her under vassfargar, pastellfargar, litografi med meir. Gjennom desse teknikkane vart forma på portretta meir og meir forfina. Dette kjem klarast fram i portretta av Vasilij Katsjalov og Tamara Karsavina, og i talrike figurar henta frå Ivan Krylov sine fablar. Desse verka vart til i åra 1908 til 1911.
I sine siste leveår vigde han seg elles til framstillingar av tema frå klassisk mytologi.
Valentin Serov døydde i Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Walentin Alexandrowitsch Serow» frå Wikipedia på tysk, den 21. juni 2009.