Ustaoset
Utsjånad
60°29′35″N 08°03′01″E / 60.49306°N 8.05028°E
Ustaoset | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Ustaoset 60°30′00″N 8°04′00″E / 60.5°N 8.06667°E | |||
Wikimedia Commons: Ustaoset |
Ustaoset ligg på 990 meter over havet i Hol kommune i Buskerud fylke. Ustaoset er ein stasjon på Bergensbanen.[1] Her ligg òg ein hytteby med rundt 900 hytter, overnattingsverksemd, butikk, bensinstasjon og kafe.
Ustaoset ligg ved nasjonalparkane Hallingskarvet og Hardangervidda, og er utgangspunkt for mange merka stiar for fotturar[2], og langrennsløyper for skitufart i området.[3]
Skarverennet er eit årleg skirenn på 37 kilometer, som startar på Finse, går langs Hallingskarvet og endar på Ustaoset.
Namnet Ustaoset kjem av at staden er osen der elva Usteåne renn ut frå Ustevatn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ustaoset stasjon | Bane NOR», www.banenor.no (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2024
- ↑ «UT.no | Utforsker | Ustaoset», www.ut.no, henta 3. oktober 2024
- ↑ «Hol nasjonalparkkommune», www.hol.kommune.no (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2024