Thalasseus
Thalasseus | |
Langnebbterne, Thalasseus elegans Foto: Wikimedia-brukar Regular_Daddy
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Underfamilie: | Sterninae |
Slekt: | Thalasseus F. Boie, 1822 |
Thalasseus er ei biologisk slekt av seks store terneartar i måsefamilien. Det noverande slektsnamnet er avleidd frå gresk thalassa, "sjø".[1] Denne gruppa vart tatt i bruk etter år 2005, då det kom framlegg om å skilje ut desse artane frå Sterna-slekta.[2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er av dei største ternene med kroppslengd varierande frå 35 centimeter for bengalterne og opp til 53 cm for hinduterne.[3]
Thalasseus-ternene har lange tynne kvasse nebb, vanlegvis i ein nyanse av gult eller oransje unntatt i splitterne der nebb er svart med gul tupp hos dei fleste underartane. Alle er lyse terner med svart panne og krone i hekkedrakt og med raggete fjørkam på hovudet. I vinterdrakta blir det meste av hovudet kvitt, med svart på bakhovud og nakke.
Fuglane i slekta har samla sett ei nær verdsomspennande utbreiing, og mange av artane er vanlege og velkjende fuglar i områda sine. Hekkinga går føre seg i svært tette koloniar på kysten og på øyar, og unntaksvis i innlandet ved eigna store innsjøar nær kysten. Hannfuglar gjev småfisk til hoene som ein del av frieriet ved pardanninga.
Thalasseus-terner beitar ved stupdukking etter fisk, nesten utan unntak i hav. Dei dukkar vanlegvis direkte, og ikkje etter først å 'stille' i lufta slik som raudnebbterna ofte gjer.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Thalasseus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
- Kongeterne, Thalasseus maximus, Royal Tern, Boddaert , 1783 , (LC)
- Hinduterne, Thalasseus bergii, Great Crested Tern, Lichtenstein , 1823 , (LC)
- Splitterne, Thalasseus sandvicensis, Sandwich Tern, Latham , 1787 , (LC)
- Langnebbterne, Thalasseus elegans, Elegant Tern, Gambel , 1849 , (NT)
- Bengalterne, Thalasseus bengalensis, Lesser Crested Tern, Lesson , 1831 , (LC)
- Kinaterne, Thalasseus bernsteini, Chinese Crested Tern, Schlegel , 1863 , (CR)
IOC World Bird List, versjon 6.3, deler opp arten splitterne slik at fuglane i Amerika reknas som ein sjøvstendig art:
- T. acuflavidus (S. Cabot, 1847) – Cabot’s Tern
- Dei skil seg frå underarten sandvicensis ved at dei har mindre kroppsmasse og har gule bein og gult nebb, i staden for svarte som hos T. s. sandvicensis.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thalasseus» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2016.
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 383. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Bridge, Eli S.; Jones, Andrew W.; Baker, Allan J. (2005). «A phylogenetic framework for the terns (Sternini) inferred from mtDNA sequences: implications for taxonomy and plumage evolution» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 35 (2): 459–469. PMID 15804415. doi:10.1016/j.ympev.2004.12.010.
- ↑ Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Christie, D.A. (2016). Greater Crested Tern (Thalasseus bergii). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/54019 on 16 October 2016).
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Gochfeld, M. & Burger, J. (2016). Sandwich Tern (Thalasseus sandvicensis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/54016 on 16 October 2016).