iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Stuart_Adamson
Stuart Adamson – Wikipedia Hopp til innhald

Stuart Adamson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuart Adamson

Fødd11. april 1958
FødestadManchester
Død16. desember 2001 (43 år)
DødsstadHonolulu
FødenamnWilliam Stuart Adamson
OpphavStorbritannia
Aktiv1976–2001, 2001
Sjangerrock
Instrumentgitar
PlateselskapVirgin
Verka somsongar-låtskrivar, musikar, gitarist, pianist
BornCallum Adamson

William Stuart Adamson (11. april 195816. desember 2001) var ein britisk gitarist, pianist, songar og låtskrivar. Musikkarrieren hans byrja i 1977 med pønkbandet Skids, men hadde den største suksessen sin med rockegruppa Big Country på 1980-talet.

Adamson var fødd i Manchester i England, men voks opp utanfor Dunfermline i Skottland. Allereie som tenåring hadde han depresjonsperiodar, då han oftast heldt seg unna folk. Dette følgde han gjennom heile livet, ofte i samband med alkohol. I lange periodar var han sporlaust forsvunnen under depresjonane sine, og den siste forsvinninga hans fann stad i november 2001. Politiet fann han død på eit hotellrom 16. desember 2001, med spor av alkohol i blodet. Den offisielle forklaringa på dødsfallet blei at han utførte sjølvmord gjennom henging.[1]

  1. Jeevan Vasagar, Big Country's Stuart Adamson dead in hotel, The Guardian, 17 December 2001.