iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Stavanger/Sandnes
Stavanger/Sandnes – Wikipedia Hopp til innhald

Stavanger/Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av tettstaden
Foto: NASA

Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i Noreg og femner samanhengande tettbygde område i kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Tettstaden har 234 757 innbyggjarar per 1. januar 2023 [1]. Desse kommunane utgjer «Nord-Jæren» i regionen Jæren, og har til saman 215 116 innbyggjarar per 1.7 2008[2], fordelt over 467,5 kvadratkilometer. Tettstaden har den største prosentvise folkeveksten i landet, og Sandnes er den snøggast vaksande byen i Noreg.

Tettstaden har kome til ved at busetjinga langs hovudvegane sørover frå Stavanger har vokse og ført til at dei to byane Stavanger og Sandnes har vokse saman, og ifølgje SSB sin definisjon for tettstadar er dei to byane no å oppfatte som ein tettstad. Dei tilliggjande tettbygde områda i kommunane Sola og Randaberg vert òg inkluderte i dette.

Rogaland hadde i 2007 ein folketilvekst på 2,01%, noko som tilsvarar i overkant av 8 000 innbyggjarar. Til samanlikning auka folketalet i Hordaland med kring 6 000 innbyggjarar. Dimed er Rogaland, etter Oslo, det fylket i landet der folketalet veks snøggast. Dei nordjærske kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg, hadde då ei vekst på 2,26 %, og dette gjer regionen til den snøggast vaksande i landet.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ssb.no: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.
  2. ssb.no: Folkemengde 1. juli 2008 og endringene i 2. kvartal 2008. Rogaland.