Som den gyllne sol
Som den gyllne sol er Elias Blix si omsetjing av Thomas Kingos påskesalme «SOm dend gyldne Sool frembryder».
Salmen vart fyrste gong trykt med 10 vers i 1689 i den fyrste salmeboka Kingo redigerte, En Ny Kirke-Psalme-Bog («Vinterparten»). Salmen vert mykje sungen frå påskedag og sidan i påsketida fram mot pinse. Kingo meinte sjølv at salmen høvde til å bli bruka «til Tolvprædiken i Kjøbstæderne og til Slutning paa Aftensang og ellers saalenge Opstandelsens historie forhandles». Salmen vart med nokre endringar teken med i Kingos salmebok, med nokre nye endringar òg i Guldbergs salmebok og sidan i Landstads kirkesalmebog.
Elias Blix omsette åtte vers av salmen og tok han med i fyrste utgåva av Nokre Salmar, som kom i 1869: «Som den gyllne Soli bryter». I seinare utgåver tok han med ni vers, og omarbeidde elles omsetjinga ein god del: «Som den gyllne Sol kann brjota». Slik stod salmen òg på nr 265 i Nynorsk Salmebok.
Takk fyr Ljos i Jolenattenn'!
Siste verset i Blix' fyrste omsetjing. Seinare bridga han teksten noko.
|
I Landstads reviderte salmebok er det teke med åtte vers av salmen, i Norsk salmebok står han på bokmål, med sju vers, som nr 172 («Som den gylne sol frembryter»).
Salmen er rekna som ein av dei fremste Kingo-salmane, og han har vore med å gje Kingo status som den store påske-salmediktaren . Salmen er samstundes eit typisk døme på salmedikting frå barokken.
Tonen som oftast vert nytta, er frå 1642 og skriven av Johann Schop. Salmen vert -\og sungen til ulike folketonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- J.N. Skaar: Norsk Salmehistorie b. I og II, F. Beyers forlag, Bergen 1879-80