Porsgrunn/Skien
Utsjånad
(Omdirigert frå Skien/Porsgrunn)
Porsgrunn/Skien | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Areal | 54,05 km² | ||
Folketal | 95 763 (2023) | ||
Folketettleik | 1 772 / km² | ||
Porsgrunn/Skien 59°04′36″N 9°41′13″E / 59.0767°N 9.6869388888889°E |
Porsgrunn/Skien er definert som ein samanhengande tettstad av SSB, og har 95 763 innbyggjarar per 1. januar 2023 fordelde i kommunane Skien, Porsgrunn og Bamble. Tettstaden vert òg omtala som ein dobbeltby eller fleirkjerneby, fordi dei to byane Skien og Porsgrunn har vakse saman. Byane Brevik i Porsgrunn kommune og Langesund og Stathelle i Bamble kommune utgjer også delar av tettstaden Porsgrunn/Skien. Tettstaden femner altså to store og tre mindre byar.
Dobbeltbyen og tettstaden Porsgrunn/Skien utgjer den sentrale delen av Grenlandsregionen som er ein fleirkjernebyregion.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Porsgrunn/Skien» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2008.