Sergej Saveljev
Sergej Saveljev | |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 26. februar 1948 Amur oblast |
Død |
29. oktober 2005 (57 år) |
Yrke | langrennsløpar |
Språk | russisk |
Sergej Petrovitsj Saveljev (26. februar 1948–29. oktober 2005) var ein russisk langrennar frå Rajtsjikhinsk i Amur oblast som representerte Sovjetunionen, og vart olympisk meister 1976 og verdsmeister 1978 i 30 km langrenn.
Saveljev meisterskapsdebuterte med ein tiandeplass på femmila og ein tolvteplass på 15 km under Ski-VM 1974 i Falun. To år seinare vann han gullmedaljen på tremila under vinter-OL i Innsbruck, og gjekk ein etappe på det sovjetiske laget som tok bronsen på stafetten, slått av Finland og Noreg.
Også under Ski-VM 1978 i Lahti vann Saveljev tremila, framom landsmannen Nikolaj Zimjatov og den polske overraskingsmannen Józef Łuszczek. I Vinter-OL 1980 i Lake Placid deltok han på 50 km og vart nummer fem.
Han døydde ved Istra i Moskva oblast, 57 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sergei Petrowitsch Saweljew» frå Wikipedia på tysk, den 14. februar 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1948
- Døde i 2005
- Sovjetiske langrennsløparar
- Russiske langrennsløparar
- Verdsmeistrar i langrenn
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976
- Langrennsløparar under vinter-OL 1976
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Langrennsløparar under vinter-OL 1980