Salmøya
Utsjånad
Salmøya | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 343,7 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Salmøya 80°00′00″N 59°20′00″E / 80°N 59.333333333333°E |
Salmøya (russisk Остров Сальм; Ostrov Salm) er ei om lag sirkelforma øy i Frans Josefs land i Russland.
Salmøya er nesten heilt dekt av is bortsett frå eit nes på sørkysten. Ho er 17 km på det lengste og eit areal på 344 km². Det høgaste punktet er 343 meter over havet.
Salmøya vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen etter aristokratfamilien Salm-Hoogstraeten som grev Karl Aleksander, ein av dei største økonomiske støttespelarane til ekspedisjonen. Salm-Hoogstraeten-familien må ikkje forvekslast med Hochstetter-familien.
Øya er omgjeve av fleire mindre øyar.
Nærliggande øyar
[endre | endre wikiteksten]- Ostrova Bisernyje er to småøyar som ligg like sør for Salmøya.
- Eit par kilometer mot nordaust ligg Hochstetterøyane (Острова Гохштеттера eller Острова Хохштеттера). Her ligg den 6,5 km lange og 4 km breie Hochstetterøyane (òg kalla Gogstettera Juzjnyj) og to mindre øyar Gogstettera Srednij og Ostrov Albatros. Hochstetterøyane er kalla opp etter den tyske fyrstefamilien Hochstetter i Austerrike-Ungarn.
- Nord for Salmøya ligg den 3,7 km lange Koldeweyøya, (Остров Кольдевея), kalla opp etter kaptein Karl Koldewey på skipet «Hansa». Koldewey var leiare for Germania-ekspedisjonen, den andre tyske ekspedisjonen til Arktis i 1869-1870. Det høgaste punktet på øya er 66 meter over havet.
- Nord for Koldeweyøya ligg den vesle Schönauøya (Остров Шёнау). Ho er kalla opp etter Teplitz-Schönau, (i dag Teplice i Tsjekkia), fødestaden til den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I.
- Sørvest for Salmøya ligg den 10 km lange Wilczekøya, (Остров Вильчека) (som ikkje må forvekslast med Wilczek land i same øygruppe). Mellom dei to øyane ligg eit 3 km smalt sund. Ho er kalla opp etter den austerriksk-ungarske adelsmannen Johann Nepomuk Graf Wilczek.
- 4 km søraust for Salmøya ligg den vesle og runde Litkeøya, (Остров Литке). Ho har eit areal på 14 km² og vart kalla opp etter den russiske greven Fjodor Petrovitsj Litke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salm Island» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alle plasseringar [1] & [2] Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- Stamtavle og fyrstefamiliar Arkivert 2008-12-22 ved Wayback Machine. & Alfred Wilhelm Karl Alexander Graf von Salm-Hoogstraeten
- Karl Koldewey: [3] Arkivert 2008-04-12 ved Wayback Machine. & [4]
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: