Richie Havens
Richie Havens | |||
| |||
Fødd | 21. januar 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn, New York by | ||
Død | 22. april 2013 (72 år) | ||
Dødsstad | Jersey City | ||
Fødenamn | Richard Pierce Havens | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965–2013 | ||
Sjanger | soul, folkrock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Verve Records, A&M Records, Epic Records | ||
Verka som | gitarist, songar, songar-låtskrivar, sjølvbiograf, komponist |
Richie Havens (21. januar 1941–22. april 2013)[1]) var ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar.[2] Musikken hans bestod av element frå folkrock, soul, funk og rhythm and blues. Han er best kjent for sin intense og rytmiske gitarstil, ofte i open stemming, sjelfylte versjonar av eigne og kjende pop- og folkrocksanger. Han opna Woodstockfestivalen i 1969 med den akustiske gitarlåten «Motherless Child», der han improviserte det kjende refrenget «Freedom... Freedom!».
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Havens var fødd i Brooklyn som den eldste av ni.[2] Han var av indiansk avstamming (Blackfoot) på farssida og stamma frå Britisk Vestindia på morssida.[3] Som ung i Bedford-Stuyvesant byrja Havens laga utandørs doo-wop-grupper med venene sine og opptredde med McCrea Gospel Singers då han var 16.[2]
Som tjueåring hadde Havens flytta frå Brooklyn til kunstnarområdet Greenwich Village. Han kom dit i beatniktida for å framføra poesi, laga portrett i eit par år og høyrde folkemusikk i klubbane. Etter ei tid byrja han spela gitar sjølv.[4]
Havens sine soloframsyningar blei kjende, også utanfor folkemusikkrinsen i Greenwich Village.[2] Han gav ut to plater på Douglas Records før han fekk Bob Dylan sin manager, Albert Grossman, som manager og fekk platekontrakt med Verve Folkways (seinare Verve Forecast). Verve gav ut Mixed Bag seint i 1966.[5]
I 1969 hadde Havens gjeve ut fem til album. To av desse var uautoriserte utgjveingar av Douglas Records (eller Douglas International[6]): Electric Havens (1968)[6][7][8] og Richie Havens Record (1969).[7][9] Something Else Again (1968) blei Havens sitt første album på Billboard-lista, og gjorde at også Mixed Bag kom tilbake på salslistene.
Woodstock
[endre | endre wikiteksten]Opptredenen til Havens på Woodstockfestivalen i 1969 var eit vendepunkt i karrieren hans som konsertmusikar.[2] Havens vart ropt tilbake til scena for fleire ekstranummer. Etter at han ikkje lenger hadde fleire nye songar å spela, byrja han å improvisera ein song basert på den gamle spiritualen «Motherless Child» som vart til «Freedom». Den påfølgjande filmen om Woodstockfestivalen bidrog til at Haven sin fekk ein internasjonal karriere. Han opptredde òg ved Isle of Wight-festivalen same år, seint i august.[10]
Då Havens døydde etterlét han tre born, fem barneborn og to oldeborn.[11]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]År | Album | US Top 200 |
---|---|---|
1967 | Mixed Bag | 182 |
1968 | Something Else Again | 184 |
1968 | Electric Havens | 192 |
1969 | Richie Havens' Record | – |
1969 | Richard P. Havens, 1983 | 80 |
1970 | Stonehenge | 155 |
1971 | Alarm Clock | 29 |
The Great Blind Degree | 126 | |
1973 | Portfolio | 182 |
1974 | Mixed Bag II | 186 |
1976 | The End of the Beginning | 157 |
1977 | Mirage | – |
1980 | Connections | – |
1983 | Common Ground | – |
1987 | Simple Things | 173 |
Sings Beatles and Dylan | – | |
1991 | Now | – |
1994 | Cuts to the Chase | – |
2002 | Wishing Well | – |
2004 | Grace of the Sun | – |
2008 | Nobody Left to Crown[2] | – |
Konsertalbum
[endre | endre wikiteksten]Year | Album | US Top 200 |
---|---|---|
1972 | Richie Havens on Stage | 55 |
1990 | Live at the Cellar Door | – |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Richie Havens» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Richie Havens» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2016.
- Referansar
- ↑ «Richie Havens, Folk and Woodstock Legend, Dead at 72» på Billboard.com.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Strong, Martin C. (2000): The Great Rock Discography (5. utg.
- ↑ «Folk Singer Richie Havens, Blackfeet, Walks On». Indian Country Today Media Network. April 25, 2013. Arkivert frå originalen 28. april 2013. Henta April 29, 2013.
- ↑ «Carnegie Hall - Richie Havens». Carnegie Hall. Carnegie Hall Corporation. Henta 11. februar 2016.
- ↑ https://theimmortaljukebox.com/2016/03/09/richie-havens-roots-freedom-bob-dylan-the-beatles/
- ↑ 6,0 6,1 «Richie Havens». Verve Records. Arkivert frå originalen 9. august 2016. Henta April 22, 2013.
- ↑ 7,0 7,1 «Music». RichieHavens.com. Henta April 22, 2003.
- ↑ «Richie Havens: Electric Havens». MTV. Henta April 22, 2013.
- ↑ «Richie Havens: Electric Havens». AllMusic.com. Henta April 22, 2013.
- ↑ Tobler, John (1992): NME Rock 'N' Roll Years (1. utg.
- ↑ «Richie Havens, iconic Woodstock singer, dies at 72»