iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Proudhon
Pierre Joseph Proudhon – Wikipedia Hopp til innhald

Pierre Joseph Proudhon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Proudhon)
Pierre Joseph Proudhon

Statsborgarskap Frankrike, Belgia
Fødd 15. januar 1809
Besançon
Død

19. januar 1865 (56 år)
Passy, Paris

Yrke samfunnsøkonom, sosiolog, politikar, journalist, filosof, skribent, trykker, diplomutdanning, revolusjonær, anarkist
Språk fransk
Politisk parti The Mountain (1849–1852)
Religion ateisme
Ektefelle Euphrasie Proudhon
Born Catherine Henneguy
Signatur
Pierre Joseph Proudhon på Commons

Pierre-Joseph Proudhon (15. januar 180919. januar 1865) var ein fransk sosialistisk tenkjar. Han høyrde til den anarkistiske retninga i den tidlege sosialismen. Proudhon blei fødd i Besançon, og foreldra var småbønder og handverkarar. Proudhon sitt politiske syn var truleg mykje prega av denne oppveksten med hardt arbeid, men på eigen gard eller i sin eigen verkstad, mens ein arbeider med sine eigne reiskapar, utan ein herre over seg.

I 1840 gav Proudhon ut skriftet som gjorde han namngjeten blant radikale i Europa: Qu'est ce que la propriete? ('Kva er eigedom?'). Svaret hans var at eigedom er tjuveri, så sant dei som arbeider ikkje eig sine eigne produksjonsmiddel, og i fritt samvirke byggjer eit nytt samfunn utan kapitalistar. Proudhon ville også avskaffe øverheita, den statsmakta som stod over det arbeidande folket. Friviljuge samband mellom likestilte arbeidarar, bønder og handverkarar skulle erstatte staten. Dette kalla Proudhon anarkisme.

Gustave Courbet: Proudhon og borna hans (1865)

I boka Systemet med økonomiske motseiingar, eller elendets filosofi frå 1846 følgde han opp tankane sine. Han starta også fire aviser, som alle blei forbodne av styresmaktene. I 1849 blei han dømd til tre års fengsel for å ha fornærma statssjefen, Louis Napoleon. Den Folkebanken Proudhon hadde starta gjekk i oppløysing mens han sat i fengsel. Dette var ein samvirkebank for gjensidig kreditt mellom produsentane, noko Proudhon meinte som ei undergraving av det kapitalistiske systemet, og hadde 27 000 medlemer.

I 1858 gav Proudhon ut verket Om rettferda i revolusjonen og kyrkja. Han blei tiltala for åtak på kyrkja og staten og dømd på ny, til fem år i fengsel. Men no rømte han til Belgia, og unngjekk med det straffa. I 1862 vende han tilbake til Paris, der han levde dei siste åra av livet sitt. Han var aktiv i samfunnsdebatten og tok opp mange emne. Proudhon sine tankar hadde ei tid stor oppslutning i den Første Internasjonalen, og han er rekna som ein av dei store anarkistiske tenkjarane i historia.