No Quarter
No Quarter Song av Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy | ||
Utgjeve | 28. mars 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 7:00 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Paul Jones | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Jones/Page/Plant | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page |
«No Quarter» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy, frå 1973. Han var skriven av bassist/klaverspelar John Paul Jones, gitarist Jimmy Page og vokalist Robert Plant.
Oversy
[endre | endre wikiteksten]«No Quarter» vart spelt inn i 1972 i Island Studios i London. Lydteknikar var Andy Johns som òg miksa songen i Olympic Studios i London. Versjonen som kom med på albumet utvikla seg frå ein raskare versjon Led Zeppelin hadde spelt inn tidlegare i Headley Grange, ein herregard i East Hampshire i England.[1] Jimmy Page droppa heile songen ein halv-tone for å få ei tettare og meir intens stemning.[2]
Frå 1973 vart «No Quarter» hovudsongen på konsertane til Led Zeppelin og vart spelt på alle konsertane deira til dei gav seg i 1980.[1] Det vart ofte nytta mykje lys- og røykeffektar på scenen under songen. Jones fekk vist seg fram på piano under songen og improviserte ofte lange soloar der han nytta bitar av klassisk musikk. Konsertversjonane av songen varte ofte dobbelt så lenge som studioutgåva, men etter kvart spela Jones ein kort pianokonsert som drog ut den sju minuttar lange songen til over 20 minuttar. Ein versjon i Seattle i 1977 varte 36 minuttar.
Page and Plant spela songen i 1994, ironisk nok utan Jones, og gav han ut på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Robert Plant spela stundom ein annan versjon av songen som opningsnummer på soloturneen hans i 2005, noko som finst på DVDen Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation. «No Quarter» var òg ein sentral del av Jones sine solokonsertar mellom 1999 og 2002.
«No Quarter» vart framført på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Plateprodusent Rick Rubin har kommentert songstrukturen: «Det skal mykje sjølvtillit til for å bli så roleg og laus over så lang tid. Zeppelin endra totalt synet vårt på korleis popmusikk kan vere.»[3]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Robert Plant - vokal
- Jimmy Page - gitarar, theremin
- John Paul Jones - basspedalar, akustisk og elektrisk piano
- John Bonham - trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Samplingar
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Apollo 440 («Electro Glide in Blue»)
- 2002: Kallabris («Kalkwater»)
- 2010: Bun B («Gladitor»)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «No Quarter (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
- ↑ Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.
- ↑ The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.