Nikea
Utsjånad
Nikea (gresk Νίκαια) var ein hellenistisk by nordvest i Anatolia, og er mest kjend for det første og andre kyrkjemøtet i Nikea (det første og sjuande kyrkjemøtet i den tidleg historia til kristendomen), den nikenske truvedkjenninga (som kjem frå det første møtet) og som hovudstad i keisardømet Nikea.
Nikea var ei kort stund hovudstad i Austromarriket mellom 1204 og 1261 etter det fjerde krosstoget i 1204 og fram til Konstantinopel vart erobra attende av austromarane i 1261.
Nikea låg der som dagens Iznik i Tyrkia ligg. Den gamle byen hadde 5 km lange bymurar kring seg med ovr 100 vakttårn. Tre store portar i muren var inngangen til byen. Store delar av muren finst framleis og er i dag ein stor turistattraksjon.
Kjende folk
[endre | endre wikiteksten]- Hipparkhos (100-talet fvt.) gresk astronom, geograf og matematikar
- Sporos av Nikea (f. ca. 240; d. ca. 300) gresk matematikar og astronom
- Cassius Dio (ca. 165–ca. 229), romersk historikar
- Georgius Pachymeres (1242 – c. 1310), austromersk historikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nicea» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2012.