Niels Dyhren
Niels Dyhren | |||
Niels Dyhren måla av Matthias Stoltenberg | |||
Fødd | 16. februar 1778 Østre Toten | ||
---|---|---|---|
Død | 25. august 1866 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Korporal og gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Niels Frederiksen Dyhren (fødd 16. februar 1778 på Østre Toten, død 25. august 1866) var ein norsk korporal og gardbrukar som representerte Norske Jægerkorps på Riksforsamlinga i 1814. I 1800 vart han soldat ved Jegerkorpset-Akershus regiment og i 1801 korporal i regimentets artillerikompani. Han deltok på dansk-norsk side i Napoleonskrigane i 1807-1809 og 1814. Han fekk tilbod om å tre inn i offisersrekkene, men takka nei fordi han ønskte å slå seg ned som gardbrukar.
I 1814 var han medlem av riksforsamlinga i Eidsvoll som andre deputerte representant for Norske Jægerkorps, og var på den tida korporal i Valderske skarpskytterbataillon. I riksforsamlinga fylgde han sjølvstendepartiet, men han deltok ikkje aktivt. Han gjorde seg likevel merksam ved å røyste imot alt det hans overordna, kapteinen og unionsmannen Palle Fleischer, røysta for. Etter riksforsamlinga heldt han fram som valmann. Han vart aldri stortingsmann, men var varamann i 1832. I ei tid var han også varaordførar på heimstaden.
Han døydde som kårmann på garden i Balke sokn på Østre Toten i 1866.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Niels Dyhren» i Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845.
- Niels Dyhren frå Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Niels Dyhren NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv