Nganasansk
nganasansk nganasan | ||
Klassifisering | Uralsk samojedisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Tajmyr | |
nganasansktalande i alt | 125 (2010) | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | kyrillisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | nio | |
Glottolog | ngan1291
|
Nganasansk er eit uralsk språk. Det høyrer til den nordlege greina av dei samojediske språka.
Nganasansk er eit sterkt utrydningstruga språk. Ved folketeljinga i 2010 vart det tala av 125 menneske av ei befolkning på 862 nganasanar, altså 14,5 % av den etniske gruppa.[1] I 2002 var dei tilsvarande tala 505 naganasansktalande av ei befolkning på 834 (60,6 %). Ved folketeljinga i 1989 vart det registrert 1 096 nganasansktalande (1063 som første- og 33 som andrespråk). Med 1278 nganasanar gav det ein morsmålsprosent på 85,7 %, den høgaste av alle dei nordlege språka i Russland. Dette talet var truleg allereie då alt for høgt, det er ei kjend sak at dei sovjetiske byråkratane ikkje tok turen ut på Tajmyrhalvøya for å undersøke dei reelle språkforholda. Nganasansk eit truga språk, og berre få barn lærer det som førstespråk. Det vert tala av nganasanane på Tajmyrhalvøya, i det tidlegare tajmyrske autonome distriktet i Krasnojarsk kraj.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bokstavar og lydar
[endre | endre wikiteksten]Nganasansk skil seg frå nesten alle andre sovjetiske språk ved at det ikkje fekk ei offisiell rettskriving på 1930-talet. Det har likevel komme ut nokre grammatikkar over nganasansk, skrive med det kyrilliske alfabetet.
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Nganasansk har ni vokalar, distribuert omtrent på same måten som dei norske vokalane, og 20 konsonantar. Eit sentralt drag i nganasansk fonologi er palatalisering, seks av dei dentale konsonantane har ein palatal variant (unntaket er /r/). Nganasansk har stadieveksling. Nganasansk har tre personar og tre tal.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Жовницкая-Турдагина С. Н. Ня’’ букварь. СПб., 1999.
- Костеркина и др. 2001 — Н. Т. Костеркина, А. Ч. Момде, Т. Ю. Жданова. Нганасанско-русский, русско-нганасанский словарь. СПб. Просвещение. 2001.
- Прокофьев Г. Н. Нганасанский (тавгийский) диалект // Языки и письменность народов Севера. Ч. 1. М.-Л., 1937.
- Терещенко 1982 — Н. М. Терещенко. Ненецко-русский, русско-ненецкий словарь. Л. Просвещение. 1982.
- Экспедиционные материалы 2003 — Образцы текстов на лесном диалекте ненецкого языка Языки коренных народов Сибири. Экспедиционные материалы вып. 7, ч. 2. Новосибирск. 2003.
- Janhunen 1977 — Juha Janhunen. Samojedischer Wortschatz (gemeinsamojedisher Etymologien). Helsinki: Castrenianum Toimitteita. 1977.