iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Nesodden_kommune
Nesodden kommune – Wikipedia Hopp til innhald

Nesodden kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesodden kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Nesoddtangen
Areal 61,46 km²
 •  land 60,74 km²
 •  vatn 0,72 km²
Folketal 20 521  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Cathrine Kjenner Forsland (Ap)
Kommunenr. 3212
Kart
Nesodden
59°48′31″N 10°39′20″E / 59.808611111111°N 10.655555555556°E / 59.808611111111; 10.655555555556
Kart som viser Nesodden kommune.
Kart som viser Nesodden kommune.
Kart som viser Nesodden kommune.
Wikimedia Commons: Nesodden
Nettstad: www.nesodden.kommune.no

Nesodden er ein kommune i Akershus fylke. Nesodden er òg namnet på den halvøya som kommunen ligg på. Halvøya har Indre Oslofjord (Oslofjorden) på vestsida og Bunnefjorden på austsida, og grensene mot grannekommunane Frogn, Asker, Bærum, Oslo og Nordre Follo går i desse fjordområda. I sør, der kommunen er landfast, grensar han òg til Frogn kommune.

Flyfoto frå 2015 av nordre luten av kommunen og halvøya med mellom anna det tettbygde området Nesoddtangen, der det går passasjerferje til Oslo.
Nesodden mellomalderkyrkje
Foto: C. Christensen Thomhav/Riksantikvaren

Kring ¾ av flatevidda er skog og utmark. Innbyggjarane har difor eit godt tilbod av friluftsområde både på land og ved sjøen. 86 % av innbyggjarane bur i tettbygde strok. I tillegg er det mange fritidseigedomar og hytter i kommunen.

Nesoddtangen (Tangen/Tangenbyen) ligg heilt nord i kommunen. Bjørnemyr, Fjellstrand, Spro og Fagerstrand ligg på vestsida med flott utsikt over Oslofjorden. På austsida er det nesten samanhengjande busetnad frå Tangen via Oksval, Ursvik, Hellvik, og Berger til Jaer og Blylaget.

Saman med Enebakk, Frogn, Oppegård, Ski, Vestby og Ås utgjer Nesodden den delen av Akershus som vert kalla Follo.

Nesodden og Oppegård var tidlegare ein kommune, men vanskeleg reiseveg mellom Oppegård og Nesodden tvinga fram ei deling. I 1915 vart Oppegård skild ut som eigen kommune.

På Nesodden finst fleire område med eikeskog. Dette er truleg dei nordlegaste store eikeskogane på Austlandet og i Noreg. Dei lokale namna Eklund og Ekelund kjem av eikeskogen.

Kommunikasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Medan det er kring 40 km til Oslo langs landevegen, er det berre 7 km over fjorden. Ei reise med moderne snøggbåt tek kring eit kvarter. Det er båtsamband med mange avgangar. Nesodden har som ein av få kommunar på Austlandet svært mange båtpendlarar.

A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap som dreiv sambandet fram til 2009 hadde 2,4 millionar passasjerar årleg på ruta frå Nesoddtangen til Aker Brygge. I tillegg vert det drive ei rute til Lysaker med 200.000 reisande. I 2009 tok Tide over konsesjonen på sambandet, til dels med nye båtar. No vert sambandet drive av ferjeselskapet Norled AS.

Jord-, skogbruk og fiske var tidlegare dei vanlege næringsvegane på Nesodden. I tillegg dreiv ein med saltbrenning og isdrift. Saltbrenning tyder innkoking av sjøvatn. Grunnlaget for dette låg i at vatnet i Bunnefjorden hadde spesielt høgt saltinnhald. I tillegg var tilgangen på ved og torv til brensle god. Frå kring 1850 skar ein is frå vatn og tjern vinterstid. I åra frå 1895 til 1905 låg den årlege produksjonen på heile 45.000 tonn. I dag er det berre 0,6 % av folkesetnaden som er sysselsett i primærnæringane. 87 % arbeider i tertiærnæringar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]