Miklagard
Utsjånad
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Myklagard».
Miklagard eller Myklagard (norrønt Miklagarðr, islendsk Mikligarður, tysk Michelgart) var det gamle norske namnet på byen Istanbul i Tyrkia. Andre namn på byen har vore Bysants (Byzants), Stamboul og Konstantinopel.
«Mikla-» kjem av det norrøne ordet mikill, som tyder ‘stor’ (jf. mykjen, og mykle- i namn som Myklebust). Dermed tyder «Miklagard» ‘den store garden (inngjerdinga)’ eller ‘den store byen’.
Fleire norrøne vikingar gjekk i teneste i Miklagard. Mellom anna den seinare kong Harald Hardråde. Kong Sigurd Jorsalfar var òg innom byen på ferda mot Jorsal (Jerusalem).