iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Mazandaran
Mazandaran – Wikipedia Hopp til innhald

Mazandaran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mazandaran
مازندران
Provins
Land  Iran
Region Region 1[1]
Fylke 22
Hovudstad Sari
Areal 23 842 km²
Folketal 3 283 582 (2016)[2]
Språk mazandarani[5], persisk[5], gilaki[6][7]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Mazandaran
36°33′56″N 53°03′32″E / 36.5656°N 53.0588°E / 36.5656; 53.0588
Kart som viser Mazandaran.
Kart som viser Mazandaran.
Kart som viser Mazandaran.
Wikimedia Commons: Mazandaran Province

Mazandaran (persisk استان مازندران Ostān-e Māzandarān) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.[8] Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.

Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran[9] og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar.[10] Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.[11] Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.

Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar[12] som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,[13] inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.[14]

Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,[15] og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.[16] Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området.[17] Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi[10] og ingeniørvitskap.

Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.[18][19] Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.[20] Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.[21]

Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane[22] som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.

Topografisk kart over Mazandaran.
Kysten av Kaspihavet frå feriestaden Namak Abrood.

Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.

  1. همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  5. 5,0 5,1 Maryam Borjian - Bilingualism in Mazandaran: Peaceful Coexistence With persisk. Arkivert 21. september 2006 ved Wayback Machine.
  6. «Archived copy». Arkivert frå originalen 11. desember 2011. Henta 3. desember 2011. 
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. februar 2017, henta 7. mars 2021 
  8. Keddie, N. R.; 1968; The Iranian villages before and after land reform. Journal of Contemporary History, 3(3), 69–78.
  9. Statistisk senter, styresmaktene i Iran. Sjå "General Characteristics of Ostans according to their administrative divisions at the end of 1383 (2005 CE)", "Population estimation by urban and rural areas, 2005"
  10. 10,0 10,1 University of Mazanderan, arkivert frå originalen 3. oktober 2008, henta 6. juli 2013 
  11. Census Results, 2006: Sari: 490.830, Babel: 464.535, Amel: 343.747, Shahi: 293.721.
    Iranian 2006 Census Website, Information File (på persisk)
  12. Springer Netherlands; 10. juli 2005; Contributions to the knowledge of the useful plants and plant raw materials of Iran Arkivert 2013-02-03 ved Archive.is; ISSN 0921-9668
  13. Mazandaran, Geography & History
  14. Elburz i Encyclopædia Britannica
  15. Freshwater Fishes of Iran; Revised: 12 July 2007
  16. Encyclopædia Britannica, Entry for Mazandaran
  17. [1] (persisk)
  18. Mazandaran setting up Iran's first cave museum Arkivert 2009-06-04 ved Wayback Machine.; London; 22. juli 2006 av IranMania
  19. IRAN Daily Caspian Region, arkivert frå originalen 10. juli 2007, henta 10. juli 2007 
  20. Parthia News, November 6, 2005.
  21. Payvand, 400 Historical Sites Discovered within 7 Days in Mazandaran
  22. CHN Page for Mazandaran

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mazandaran