Los Ríos-regionen
Los Ríos | |||
region | |||
|
|||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Valdivia | ||
Areal | 18 429,5 km² | ||
Folketal | 384 837 (2017)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Los Ríos-regionen 39°48′30″S 73°14′30″W / 39.808333333333°S 73.241666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Los Ríos Region |
Los Ríos-regionen (spansk Región de Los Ríos) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar to provinsar: Valdivia-provinsen i nord og Ranco-provinsen i sør. Han grensar til Araucanía-regionen i nord og til Los Lagos-regionen i sør. Mot aust ligg Argentina. Valdivia er hovudstad og største byen i regionen.
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Los Ríos-regionen er dominert av dalane i den mellomliggjande senkinga, berre avbrote av låge område av Cordillera de la Costa mot kysten, som tillèt omfattande utvikling av landbruk og husdyrdrift. Andesfjella held oppe den karakteristiske vulkanismen i høgder over 2000 moh. med vulkanane Villarrica, 2814 moh. på grensa til Araucanía-regionen - og vulkanen Mocho-Choshuenco, 2422 moh.
Dei to dominerande elvebassenga i regionen er Valdivia-elva og Bueno-elva. Begge har elvane opphav i Andes-sona, og på grunn av akkumulering av morenar av glasialt opphav som bremsar vasstraumen, har det vorte danna ulike innsjøar. Elva Valdivia har opphavet sitt i den argentinske innsjøen Lácar, eit elvelaup kryssar grensa og gjev bidrag til dei sju innsjøane, ei gruppe der Panguipulli-sjøen, Calafquén og Riñihue skil seg ut. frå sistnemnde renn vatnet nedover San Pedro-elva og Calle-Calle, til samlaupet med Cruces-elva for å danne Valdivia-elva, som munnar ut i Bahía de Corral på stillehavskysten. Bueno-elva har utspring i Ranco-sjøen.
Geografien til regionen har gitt liv til ulike økosystem, som i dei tempererte valdiviske skogane, spesielt kystsona som er prega av nærværet av treslaget patagoniasypress (Fitzroya cupressoides).[2] Valdiviajordskjelvet i 1960 forårsaka ei stor endring av det regionale miljøet, overfløymde fruktbare område og genererte store våtmarkshabitat til ulike artar i faunaen som svarthalsvane (Cygnus melancoryphus).
Regionen har eit maritimt fuktig klima med ein gjennomsnittstemperatur på 11 °C med låg termisk svinging på kysten som følgje av påverknad av havet; sjølv om det vinterstid førekjem temperaturar under null. Ute mot kysten er gjennomsnittleg nedbør i året over 2000 mm, og konsentrert om vintermånadene, noko som gjer det til eit av dei mest regnfulle områda i landet.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Den regionale økonomien er hovudsakleg basert på skogbruk, inludert cellulose- og papirproduksjon. I innlandet finn ein landbruksproduksjon. Regionen eksporterer òg mineral som lasurstein og noko sølv og gull.
Turisme er viktig for utviklinga av regionen, i kystsona er det spa som Niebla, i det indre er det Siete Lagos -sektoren og breidda av Ranco-sjøen. I Andes-området er hovudattraksjonane termiske sentre og eksisterande naturreservat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censo2017.cl/wp-content/uploads/2017/12/Cantidad-de-Personas-por-Sexo-y-Edad.xlsx; vitjingsdato: 7. januar 2018.
- ↑ Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Plantenavn. Henta 12. februar 2023
- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Región de Los Ríos» frå Wikipedia på spansk, den 12. februar 2023.