iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Kenny_Clarke
Kenny Clarke – Wikipedia Hopp til innhald

Kenny Clarke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenny Clarke

Fødd9. januar 1914
FødestadPittsburgh
Død26. januar 1985 (71 år)
DødsstadParis, Montreuil
OpphavUSA
Aktiv1931–1985
Sjangerjazz, bebop
Instrumenttrommesett
PlateselskapBlue Note
Verka somtrommeslagar, orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, komponist, plateartist, perkusjonist
PrisarNEA Jazz Masters

Kenny Clarke (9. januar 191426. januar 1985) fødd som Kenneth Clarke Spearman i Pittsburgh i Pennsylvania, var ein amerikansk jazztrommis. Han sat i husbandet på Minton's Playhouse i byrjinga av 1940-åra, og var sentral i utviklinga av bebopen. Bruken av ride cymbalen i moderne jazz vert gjerne tilskrive Clarke. Tidlegare var skarptromma (saman med basstromma) den viktigaste tromma ein nytta for å markere pulsen. Clarke byrja å flytte dette over til cymbalane, og let basstromma og skarptromma stå for markeringar i musikken.

Clarke var med i det fyrste mannskapet til Modern Jazz Quartet i 1951, og han deltok I fleire studioopptak for Savoy Records. Connie Kay erstatta han i MJQ i 1955, og frå 1956 budde Clarke i Frankrike, der han spelte med amerikanske musikarar som vitja Paris (mellom andre Bud Powell, som han spelte med i ein trio med Pierre Michelot). Saman med den belgiske pianisten Francy Boland starta han eit storband i 1961 med leiande europeiske musikarar og amerikanske musikarar som budde i Europa.