James Clerk Maxwell
James Clerk Maxwell | |||
| |||
Fødd | 13. juni 1831 Edinburgh | ||
---|---|---|---|
Død | 5. november 1879 Cambridge | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | fysikk, mekanikk, matematikk, elektromagnetisk felt, elektrisitet, magnetisme, fargefotografi, kinetisk teori | ||
Yrke | fysikar, matematikar, oppfinnar, fotograf, universitetslærar, teoretisk fysikar, lærar, thermodynamicist | ||
Institusjonar | King’s College London University of Aberdeen University of Cambridge | ||
Alma mater | University of Edinburgh Peterhouse Edinburgh Academy Trinity College i Cambridge University of Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | William Hopkins | ||
Ektefelle | Katherine Clerk Maxwell | ||
Medlem | Royal Society American Academy of Arts and Sciences Royal Society of Edinburgh Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Trinity College i Cambridge |
James Clerk Maxwell (13. juni 1831–5. november 1879) var ein skotsk fysikar og matematikar. Han er mest kjend for å ha rekna ut farten til elektromagnetiske bølgjer, og bevist at det var den same farten til ljoset. Han viste at når partiklar med elektrisk ladning endrar fart, som til dømes når elektron blir bremsa opp, blir det sendt ut ei form for elektromagnetiske bølgjer, med akkurat same fart som synleg ljos har. Slik påviste han at ljos i realiteten er elektromagnetiske bølgjer. Maxwell sette idéane sine inn i ein matematisk form, Maxwells likningar. Han viste at elektriske felt og magnetiske felt var to sider av same sak, og at eit magnetisk felt i eit referansesystem kunne opptre som eit elektrisk felt i eit anna referansesystem, og omvendt.
Mesteparten av det kjende arbeidet til Maxwell vart gjort på Cambridge, der han nytta matematikkunnskapane sine innan geometri og algebra. Ved hjelp av dette kunne han demonstrere at elektriske og magnetiske soner forflytta seg i bølgjer gjennom lufta. Dette offentleggjorde han i fire differensallikningar i magasinet Philosophical Magazine, der han i artikkelen «In Physical Lines of Force» hevda at ljos hadde same bølgjerørsle som elektriske og magnetiske fenomen. Slik fann ein ut at ljos er bølgjer av elektriske og magnetiske felt, elektromagnetiske bølgjer, som igjen førte til at Hertz oppdaga radiobølgjene.
Teoriane til Maxwell om elektromagnetiske bølgjer var ein stor del av grunnlaget for relativitetsteorien. Han gjorde òg viktige oppdagingar som førte til kvantemekanikken. I det heile vart Maxwell den viktigaste fysikaren på 1800-talet. Arbeida hans var grunnlag for mange av fysikarane på 1900-talet. Han innførte statistiske metodar i termodynamikk, og grunnla den kinetiske gassteorien, Maxwell-Boltzmanns fordelingslov. Her kartla han gassar i rørsle, og påviste korleis kinetisk energi fordeler seg i molekyla i ein gass ved ein bestemd temperatur. Maxwell er dessutan kjend for å vere den første som framkalla eit fargefotografi. Mange reknar arbeida til Maxwell for å vere like viktig som arbeida til Isaac Newton og Albert Einstein.