Jacob Aall
Jacob Aall | |||
Jacob Aall Måla av: Jacob Munch | |||
Fødd | 27. juli 1773 Porsgrunn | ||
---|---|---|---|
Død | 4. august 1844 Arendal | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | politikar, skribent, samfunnsøkonom, historikar, geolog, forretningsdrivande, teolog | ||
Ektefelle | Lovise Andrea Stephansen | ||
Barn | Jørgen Aall, Jacob Aall, Nicolai Benjamin Aall | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab |
Jacob Aall (fødd 27. juli 1773 i Porsgrunn, død 4. august 1844 på Nes jernverk) var ein norsk godseigar, politikar, historikar og statsøkonom.
Han var son av Nicolai Benjamin Aall (1739-98), som var kjøpmann i Porsgrunn og eigar av Ulefoss. Han vart student på Nyborg skule i Danmark 1791, og tok teologisk embetseksamen 1795. Etter heimkomsten til Noreg prøvde han seg som geistleg talar i Slemdal kyrkje, men han fekk slik mistillit til sine evner at han slo inn på andre studiar. 1796 reiste han tilbake til København, der han byrja naturvitskaplege studiar. Desse vart halde fram i Tyskland 1797-99. Under reisa bestemte han seg for å bli praktisk bergmann, og utdanna seg derfor hovudsakleg i Freiberg og ved undersøking av saksiske og schlesiske gruver.
I 1799 vende han tilbake til Noreg, der faren nettopp var død, og kjøpte Nes jernverk i Holt for 170 000 riksdalar. Same år gifta han seg med Lovise Andrea Stephansen (1779-1825). Han let ein meir rasjonell drift innføre ved jernverket, men kom i ein vanskeleg stilling då det braut ut krig i 1807. Han gjorde mykje for å halde si eiga verksemd gåande, men hjelpte òg i stor grad å halde hungersnauda borte frå innbyggjarane i store område rundt.
Verksemda hans gjorde han kjend med grev Herman Wedel Jarlsberg. I august 1809 vart han innvigd av greven i planane om å lausrive Noreg frå Danmark og gå inn i ei ny foreining med Sverige, men han nekta å følgje greven i dette. På riksforsamlinga 1814 møtte han som representant for Nedenes amt, og slutta seg til Wedels parti, sjølv om han var sterkt knytt til Danmark av både personlege og økonomiske årsaker.
Om hausten 1814 skal han ha fått tilbod om å tre inn i den nye regjeringa, men avslo. Derimot møtte han som representant for Nedenes amt på alle Storting til og med 1830 (med unntak av det i 1824), men då han vart vald i 1839, måtte han avslå med omsyn til helsa. Som stortingsmann gjorde han seg særleg gjeldande i praktiske spørsmål. I alle økonomiske spørsmål rådet han til forsiktig og langsam framgang utan å slite for mykje på kreftene til landet. Han hadde ein vesentleg del i den nye bergverkslovgjevnaden, og via sølvverket på Kongsberg stor interesse.
Som forfattar og mesén viste han ein viktig og fleirsidig verksemd. Han omsette og gav sjølv ut Kongesagaen til Snorre Sturlason (1838-39), og hovudverket hans er Erindringer som Bidrag til Norges Historie 1800-15 (1844-45). Han handsama dessutan økonomiske spørsmål i mindre arbeid.
I sine siste leveår vart Aall stadig sjukare. Dette førte til at han trekte seg tilbake frå det offentlege livet og overlet det meste av arbeidet med styringa av jernverket til sonen sin. Derimot var han helt til det siste sysselsett med sine litterære arbeid.
Han har lånt namnet sitt Jacob Aalls gate på Majorstua i Oslo.
Utmerkingar og medlemskap
[endre | endre wikiteksten]Aall var innehavar av medaljen for borgardåd, Dannebrogordenen, Vasaordenen og Nordstjerneordenen. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Det Kongelege Danske Videnskabernes Selskab.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jacob Aall» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008 revisjon 4573082
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: Dansk biografisk Lexikon'
- Einskildmenn
- Fødde i 1773
- Døde i 1844
- Norske sakprosaforfattarar
- Norske historikarar
- Norske godseigarar
- Eidsvollmenn
- Stortingsrepresentantar 1815-1817
- Stortingsrepresentantar 1821-1823
- Stortingsrepresentantar 1827-1829
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar for Aust-Agder
- Ordførarar i Holt
- Medaljen for borgardåd
- Dannebrogordenen
- Nordstjerneordenen
- Vasaordenen
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet
- Folk frå Porsgrunn