iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Islamabad
Islamabad – Wikipedia Hopp til innhald

Islamabad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islamabad
اسلام آباد
 
by
Land  Pakistan
Areal 906 km²
Folketal 1 014 825 (2017)[1]
Grunnlagd 1961
Kart
Islamabad
33°41′56″N 73°02′13″E / 33.698888888889°N 73.036944444444°E / 33.698888888889; 73.036944444444
Wikimedia Commons: Islamabad

Islamabad (urdu اسلام آباد, 'islam-byen' eller 'fredsbyen') er hovudstaden i Pakistan, oppretta i 1961. Han ligg i hovudstatsterritoriet Islamabad ved foten av Margalafjella, nær Rawalpindi. Sør for byen ligg ei slette som elva Kaurang skjer gjennom.

Opphavleg låg den pakistanske hovudstaden i hamnebyen Karachi i Sindh, men i 1958 bestemte presidenten i Pakistan, Ayub Khan, at han skulle flyttast. Ein komité valde ein stad 14 km nordaust for Rawalpindi i Punjab. Bygginga av byen tok til i 1961 og dei første folka flytta dit to år seinare.

Gatenettet i Islamabad blei laga av den greske byplanleggaren Konstantínos Doxiádes, medan den modernistiske arkitekten Edward Durell Stone frå USA og den italienske formgjevaren Gio Ponti også sette preg på byen.

Satellittbilde av Islamabad og Rawalpindi, med Faisalmoskeen og den diplomatiske sona avmerkt.
Foto: NASA
Alléar og parkar preger bybildet i Islamabad.
Foto: Yasir Abbasi

Islamabad ber preg av å vera ein planlagd by, slik som til dømes Dodoma i Tanzania og Brasilia i Brasil, som også er nybygde hovudstader lagt tilnærma midt i landet. Hovudstaden er delt inn i åtte soner, kvart tileigna eit eige felt: Administrasjon, bustader, diplomatiet, handel, industri, utdanning, i tillegg til eit grønt belte og ein nasjonalpark. Byen er prega av grøntområde, låge hus og ei rekke prangande bustader for dei rike og mektige. Mange pakistanarar frå mellom- og underklassen har ikkje råd til å bu i byen, men bur eit godt stykke unna, i nabobyen Rawalpindi, eller i telt i nokre av grøntområda.[2][3]

Fleire monumentalbygg prøver å sameina muslimsk tradisjon med det moderne, som i den digre og modernistisk utforma Faisalmoskeen, eller i skyskraparen Saudi-Pak Tower, som er dekorert med blå fliser i muslimsk tradisjon. Andre viktige bygg er Quaid-i-Azam-universitetet, høgsterettsbygningen og presidentbustaden Aiwan-e-Sadr.

Byen ligg ved kanten av Pothohar-platået, sør for Margalla-fjella. Han har varme somrar med temperaturar på opptil 45 °C i juni, og kalde vintrar med minimumstemperaturar ned i -4 °C i januar. Han får monsunregn i juli og august, og kan få noko sludd og snø om vinteren.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Islamabad