Georg Sverdrup
Georg Sverdrup | |||
| |||
Fødd | 25. april 1770 Laugen i Nærøy, Nord-Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Død | 8. desember 1850 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | Filolog, professor, universitetsbibliotekar | ||
Institusjonar | Københavns Universitet Universitetet i Oslo | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Barn | William Sverdrup | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1818-1820 og 1824-1826 | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
|
Georg Sverdrup (25. april 1770–8. desember 1850) var ein norsk professor, universitetsbibliotekar og politikar. Han var den første professoren i klassiske fag i Noreg og hovudansvarleg for oppbygginga av Universitetsbiblioteket. Under det dramatiske året 1814 gjorde han ei stor innsats; under stormannsmøtet på Eidsvoll lukkast han i å hindre Kristian Fredrik sin plan om å krevje den norske trona som følgje av prinsippet om kongeslekta si arverett til den dansk-norske trona. På riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein av dei leiande personane i sjølvstendepartiet.
Bakgrunn og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Sverdrup var fødd i Nærøy i Nord-Trøndelag som Jørgen Sverdrup. Han var son av proprietæren Peter Jacob Sverdrup (1728–95) og Hilleborg Margrethe Schultz (1742–1829), bror av Jacob Liv Borch Sverdrup og Elisabeth Sverdrup.[1] Syskenflokken bestod av elleve born.[2] Han fekk privatundervisning hos presten Jens Hersleb i Brønnøy frå han var rundt ni år gamal til 1787. Dei neste to åra gjekk han på katedralskulen i Trondheim, og vart student ved Københavns Universitet i 1789. På denne tida endra han døypenamnet Jørgen til Georg. Til saman budda han ni år i København, og vart uteksaminert som filolog med embetseksamen frå Københavns Universitet i 1798. Etter dette studerte han ved universitetet i Göttingen frå 1798-99. Åra 1799-1803 var han overlærar i historie og geografi ved katedralskulen i Kristiania. I 1803 vart han lærar på Metropolitanskolen i København. To år seinare vart han lærar for den historisk-geografiske klassa på universitetet og omtrent samstundes vart han professor i gresk. Under forsvaret av København i 1807, deltok han som sjef for 7. kompani.
Då universitetet i Oslo vart oppretta i 1811 vart Sverdrup boden eit professorat i gresk, tok til i dette i 1813. Attåt professoratet i gresk, førelas han 1817-23 i latinsk filologi.
Sverdrup fekk ansvar for oppbygginga av det første norske universitetsbiblioteket. På grunn av napoleonskrigane måtte ein vente på dei 50 000 bøkene i København, som var tiltenkt det norske universitetsbiblioteket. Det tok endå eit år, 1816, før regjeringa skaffa lokale til samlinga, og bibliotekbygget stod ferdig først i 1828, med totalt 90 000 bind. Sverdrup var universitetsbibliotekar frå 1813 til 1845. Perioden 1831-41 var han professor i filosofi.
Politikar
[endre | endre wikiteksten]Sverdrup kjende Kristian Fredrik frå tida i København. Vinteren 1814 påverka han den politiske utviklinga i Noreg. Mellom anna møtte han på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar, og gjorde personar og grupperingar kjende med kvarandre. Også i forarbeidet med grunnlovsteksta var han aktiv.
Under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 representerte han Christiania, og han var ein leiande talsmann for sjølvstendepartiet.[3] Han var mellom anna medlem av konstitusjonskomiteen under forhandlingane. 17.-19 mai 1814 var han president for riksforsamlinga, og dermed ordførar for deputasjonen som 17. mai møtte den nyvalde kongen.
I 1814 budde Sverdrup i Dronningens gate 11 i Christiania, huset går under namnet Magistratgarden og er frå 1647. Han budde til leige i første etasje.[4]
Sverdrup var stortingsrepresentant både i 1818 og i 1824. I 1818 var han stortingspresident. Han var elles formann i ni av dei nitten komiteane han var medlem av. Mellom dei komiteane han leia var fullmaktskomiteen, redaksjonskomiteen, om juridisk eksamen, om artium, om filologisk seminar, og om kvekarane. Også i 1824 vart han vald til stortingspresident, men straks friteken grunna svakt syn. Han var likevel president i Lagtinget.
Sverdup døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han ynskte ikkje monument på grava, eit ynske som vart etterkome. Men i 1985 vart eit gravmonument reist.
Det nye universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo, som stod ferdig i 1999, har namn etter Sverdrup.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Sverdrup var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Han var innehavar av Nordstjerneordenen og kommandør av St. Olavs Orden.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Storsveen, Odd Arvid. «Georg Sverdrup - 1». Norsk biografisk leksikon. Henta 4. mai 2017.
- ↑ «”- Gud velsigne deg for enhver time i vårt samliv”». Cappelen Damm. Henta 5. mai 2017.
- ↑ «Georg Sverdup». Eidsvoll 1814. Henta 4. mai 2017.
- ↑ Truls Aslaksby (2014). «Georg Sverdrup og Dronningens gate 11 i Christiania». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus. Oslo: Cappelen Damm. s. 170—173. ISBN 978-82-02-44564-5.
- Lindstøl, Tallak (1914). «Sverdrup, Georg (døpt Jørgen)». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 855–856.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitaliserte bøker av Sverdrup[daud lenkje] hos Nasjonalbiblioteket.
- Biografisk informasjon om Georg Sverdrup NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1770
- Døde i 1850
- Eidsvollmenn
- Stormannsmøtet på Eidsvoll
- Stortingsrepresentantar 1818-1820
- Stortingsrepresentantar 1824-1826
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingspresidentar
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Nordstjerneordenen
- St. Olavs Orden
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Norske filologar
- Folk frå Nærøy
- Gravlagde på Vår Frelsers gravlund