iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Gaynel_Hodge
Gaynel Hodge – Wikipedia Hopp til innhald

Gaynel Hodge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaynel Hodge
Fødd4. januar 1937
FødestadLos Angeles
Død2. juni 2020 (83 år)
OpphavUSA
Instrumentpiano
PlateselskapRCA Victor
Verka sompianist, låtskrivar

Gaynel Hodge (fødd 4. januar 1937 i California, daud ) er ein USA-amerikansk musikar og songar. Han var medlåtskrivar på den store hitten «Earth Angel», spelt inn av The Penguins i 1950-åra.

Han var med å starte opp og var musikalsk leiar i kjende grupper som The Platters,[1] The Turks og The Hollywood Flames. Hodge var involvert i doo-wop og rhythm and blues frå tidlege år og byrja å skrive songar og spele piano då var 13 år gammal, og byrja å syngje med vokalgrupper på gatehjørne i Los Angeles. Berre 15 år gammal var Gaynel ofte å sjå som studiomusikar i platestudio kring i Los Angeles. Gaynel var med å skipe det originale Platters med broren Alex Hodge, og song og spelte piano på dei første 16 innspelingane sine.

Gaynel har skrive, spelt inn for eller spelt med artistar som Lou Rawls, Aretha Franklin, Stevie Wonder, Johnny «Guitar» Watson, Dr. John, Ted Taylor, Little Johnny Taylor, Richard Berry, Dick Dale, Don & Dewey, The Chambers Brothers, The Rivingtons, The Olympics, Johnny Morissette, Tony Allen og Duane Eddy.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]