Frederik Heidmann
Frederik Heidmann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. juli 1777 Skogn |
Død |
17. oktober 1850 (73 år) |
Yrke | politikar, offiser, Fylkesmann |
Språk | norsk |
Mor | Dorothea Mathea Sommerschield |
Frederik Heidmann på Commons |
Frederik Hartvig Johan Heidmann (27. juli 1777–17. oktober 1850) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.
Heidmann var fødd i Skogn i Nord-Trøndelag. Han var son av ein offiser i trondhjemske infanteriregiment. År 1795 vart han sjølv sekondløytnant i trondhjemske dragonkorps, 1803 premierløytnant og frå 1811 titulert rittmeister. Då armeen vart omorganisert i 1818 vart han sjef for Skognske eskadron.
I 1814 var Heidmann utsending frå dragonkorpset til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var då med i deputasjonen som møtte kongen den 17. mai. Sidan var han stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt i 1818, 1821 og på det overordentlege storting 1822. I 1818 var han med i ti komitear, mellom dei konstitusjonskomiteen og om smålenssaka. År 1821 var han både president og visepresident i Odelstinget, i 1822 visepresident. Han var i 1821 med i 20 komitear, mellom dei om matrikkellova og om Bodøsaka.
På stortinget 1827 og overordentleg storting 1828 representerte han Hedmark. Han var begge gongane medlem av Lagtinget. I 1827 var han formann i militærkomiteen og medlem av komiteen om kjøpstad i Oplandene. På same tinget var han medlem av riksretten. På det overordentlege storting 1828 var han formann i reglementskomiteen.
1821 vart Heidmann amtmann i Hedemarkens amt, eit embete som han styrte til 1849. I 1825 var han med i ein kongeleg kommisjon om kjøpstad i Oplandene (Oppland og Hedmark). Heidmannsgate i Hamar er oppkalla etter han, til minne om innsatsen hans for å gje Hamar bystatus på ny. Heidmann døydde på garden sin i Stange i 1850, og vart gravlagd på Ottestad kyrkjegard.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Frederik Heidmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv