iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Erzgebirge
Erzgebirge – Wikipedia Hopp til innhald

Erzgebirge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erzgebirge
fjellkjede
Land  Tyskland,  Tsjekkia
Del av Krušnohorská hornatina
Kart
Erzgebirge
50°30′N 13°00′E / 50.5°N 13°E / 50.5; 13
Wikimedia Commons: Ore Mountains
Vassreservoar i Erzgebirge

Erzgebirge tsjekkisk Krušné hory, engelsk Ore Mountains), som tyder 'Malmfjellet' på norsk, er ei fjellkjede i Tyskland og Tsjekkia. Dei dannar 150 km av grensa mellom dei to landa, og ligg mellom den vestlege grensa av Sachsen og elva Elbe.

Dei vestlegaste delane av Erzgebirge har dei høgaste toppane. Klínovec (1 244 m) på den tsjekkiske sida, og Fichtelberg (1 215 m) på den tyske sida er dei høgaste fjella i fjellkjeda. I vest går Erzgebirge over i dei lågare bayerske Fichtelgebirge. I aust kan ein sjå på Elbe sandsteinsfjell som ei forlenging av Erzgebirge. Aust for Elbe held fjellkjeda fram som Lausitzerfjella. Erzgebirge heller sakte mot nord, der byane Zwickau og Chemnitz ligg ved foten av fjella. Den sørlege sida er derimot svært bratt.

Erzgebirge var stort sett ikkje folkesett i mellomalderen, og var dekt av tett skog. På 1400-talet vart det oppdaga sølv og tinn i fjellet, og ein grunnla busetnadar som seinare utvikla seg til byar. Namnet kjem frå dei rike mineralkjeldene i fjellet.

Erzgebirge er vidkjend for sine mange juletradisjonar. Då sølv- og tinnførekomstane forsvann, byrja gruvearbeidarane å sjå seg om etter nye måtar å føde familiane sine på. I tillegg til at ein laga blonder og veveprodukt, byrja innbyggjarane med treutskjering, mellom anna nøtteknekkarar og julepyramidar. Seiffen, aust i fjella, er senteret for produksjon av leiketøy av tre.