iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Eggrulling
Eggrulling – Wikipedia Hopp til innhald

Eggrulling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eggrulling med farga egg i ei renne, på eit russisk postkort frå byrjinga av 1900-talet.

Eggrulling er ein påskeleik for to eller fleire deltakarar som går ut på å rulla egg nedover ein skråning, gjennom ein bane eller langs bakken. Målet med tevlinga kan vera å få egget lengst eller raskast fram, å hindra det frå å knusa, eller å treffa egga til andre deltakarar.[1] Egga som blir brukt er gjerne dekorerte for å gjera det lettare å skilja dei frå kvarandre, og hardkokte for å hindra at dei lager søl.[1]

Ein kjenner døme på eggrulling frå 1500-talet. Skikken er mellom anna utbreidd i Nord-Europa, Storbritannia og USA. I tysk tradisjon har ein laga banar av pinnar der ein tevler om kva egg som rullar fortast. I Danmark, særleg i området rundt Køge, har ein tevla i skråningar i skogar eller på grassletter om å senda egget lengst mogleg. I litauisk tradisjon kan ein vinna egg ved å rulla sitt eige egg borti dei. Ein liknande tradisjon finst i Egypt, der barn ruller gul- og raudfarga egg mot ei rekkje av egg og vinn dei om skalet på eit av dei knekk.[2] I Noreg kan einskilde skular og barnehagar ha eggrulling som del av påskemarkeringa si.[3]

Tradisjonell eggrulling ned ein bakke i Oxfordshire i England.

Storbritannia

[endre | endre wikiteksten]

Eggrulling har lange tradisjonar i Storbritannia, der ein typisk rullar egg ned ein bakke. Det var rekna som lykkebringande om eggeskalet ikkje knuste under rullinga, og endå betre om det knuste ein annan sitt egg.[2] Tradisjonelt brukte ein gjerne egg kokte i laukskal, noko som gav dei ein gyllen farge. I dag er det vanlegare å pynta egga med måling. I Lancashire blir det halde årlege eggerullingar ved Holcombe Hill nær Ramsbottom og i Avenham Park i Preston, der hendinga har utvikla seg til ein liten festival.[4] Andre tradisjonelle eggerullingsstader er vollgrava til borga i Penrith i Cumbria, Bunkers Hill i Derby, Beacon Hill i Berkshire og Arthur's Seat i Edinburgh.

Rullinga blir likna med steinen utanfor grava til Jesus, som blei rulla vekk frå opninga.[5] Gammal folketru frå Lancashire seier at eggeskala må knusast i små bitar etterpå for at ikkje hekser skal stela dei og bruka dei som båtar.[6]

Den amerikanske varianten av eggrulling utanfor Det kvite huset.

I USA er eggrulling særleg kjend frå tilstellingar ved Det kvite huset i Washington D.C. Tevlinga her går ut på å trilla egg raskast mogleg med ei skei eller ein pinne på ein bane.[7] Eggrulling og eggeleikar har funne stad i Washington sidan 1800-talet, men blei bannlyste frå Capitol utanfor Kongressen i 1876, etter at stor folkeferdsel øydela grasdekket.[8][9]

Den første offisielle tilstellinga ved Det kvite huset blei halden av Rutherford B. Hayes i 1878.[10] Tilstellinga kan også omfatta underhaldning som mat, musikk, andre leikar og dyr. Ofte kler ein representant for presidenten seg ut som påskeharen.[9] I dag er eggrullinga så populær at ein deler ut billettar til tilstellinga gjennom eit lotteri. Barna som tek del får med seg treegg signerte av presidenten og førstedama som suvenirar.[8]

  1. 1,0 1,1 «Långfredag, påskafton, påskdagen». Nordiska museet. Henta 20 mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 Polan, Linda; Aileen Cantwell (1983). The Whole Earth Holiday Book. Good Year Books. ISBN 978-0-673-16585-5. 
  3. Påskefest i barnehagen, 17. mars 2008 ; Svein Harald Olsen, Påsketur til Hågåsen, hidraskole.no ; PÅSKETUR til Hagan, siraskole.no [daud lenkje]
  4. Easter Egg Rolling 2017, visitlancashire.com 
  5. Why do we have eggs at Easter?, projectbritain.com; Get ready for egg roll [daud lenkje], lep.co.uk; Padstow Easter Egg Rolling Arkivert 2012-04-23 ved Wayback Machine., padstowlive.com
  6. «Retrieved on 2008-03-15». Timetravel-britain.com. Henta 16. desember 2011. 
  7. John Airey, How Easter Works, howstuffworks.com
  8. 8,0 8,1 Christopher Klein (25. mars 2016), A Brief History of the White House Easter Egg Roll, history.com 
  9. 9,0 9,1 President Carter hosts White House Easter egg roll, history.com 
  10. History of the Easter egg roll, georgewbush-whitehouse.archives.gov

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eggrulling