Dvergterne
Dvergterne | |
Flygande dvergterne i Japan | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Dvergterne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Slekt: | Sternula |
Art: | Dvergterne S. albifrons |
Vitskapleg namn | |
Sternula albifrons |
Dvergterne (vitskapleg namn Sterna albifrons) er ein fugl i ternefamilien.
Ho er ein trekkfugl som hekkar ved kysten og ved vassvegar i innlandet i tropiske og tempererte delar av Eurasia, og overvintrar i tropiske og subtropiske havområde som kan ligga så langt sør som Sør-Afrika og Australia. Dvergterna har vore observert som hekkande fugl i Noreg, men ein reknar ikkje med at ho har ein etablert bestand i landet.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Som namnet viser til er dette ei lita terne. Ho blir 21-25 cm lang med eit vengespenn på 41-47 cm. Ho har kvit fjørdrakt og svart hette med ein særmerkt kvit flekk i panna. Det tynne, skarpe nebbet er gulfarga med svart spiss. Også beina er gule. Gulfargen på beina blir blassare om vinteren, då også nebbet endrar farge og blir svart. Dvergterna lager ein høg, lettkjenneleg knirkelyd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk i Rødlistebasen Arkivert 2008-01-17 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Little Tern» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2008.