Distriktet Locarno
Locarno | |||
Distretto di Locarno | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Ticino | ||
Hovudstad | Locarno | ||
Areal | 591,67 km² | ||
Folketal | 61 707 (2010) | ||
Kommunar | 29 | ||
Distriktet Locarno 46°10′00″N 8°48′00″E / 46.166667°N 8.8°E | |||
Kart som viser Distriktet Locarno.
| |||
Wikimedia Commons: Locarno District |
Locarno er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 591,7 km² og hadde 61 707 innbyggarar i 2010. Distriktet, som har namn etter hovudstaden Locarno, grensar i vest mot Italia.
Distriktet Locarno omfattar sju krinsar (italiensk circoli) som atter består av til saman 29 kommunar. Omframt byen Locarno er det kommunane Minusio, Losone og Ascona som har meir enn 5 000 innbyggjarar. Den i folketal minste kommunen i Sveits, Corippo, ligg i distriktet med 12 innbyggjarar (2010). Dei andre kommunane er Muralto, Orselina, Brissago, Ronco sopra Ascona, Onsernone, Mosogno, Vergeletto, Isorno, Gresso, Gambarogno, Centovalli, Tegna, Verscio, Cavigliano, Lavertezzo, Vogorno, Brione, Frasco, Sonogno, Cugnasco-Gerra, Tenero-Contra, Mergoscia, Brione sopra Minusio og Gordola.
Italiensk er offisielt språk i distriktet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Locarno (district)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2012.