iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Disco_Boy
Disco Boy – Wikipedia Hopp til innhald

Disco Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Disco Boy
Singel av Frank Zappa
frå albumet Zoot Allures
B-side

Ms.Pinky, Bird Walk

Språk engelsk
Utgjeve 1976
Innspelt 1976
Sjanger Hardrock, komedierock
Lengd 5:11, 5:28
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
«Find Her Finer»
(1976)
Disco Boy «Dancin' Fool»
(1979)


Disco Boy er ein song av Frank Zappa frå 1976 på albumet Zoot Allures. Han finst òg på samlealbumet Strictly Commercial.[1][2]

Ein raskare versjon av songen finst i både filmen Baby Snakes og det tilhøyrande filmmusikkalbumet.

Songen handomar om stereotypane som av knytt til disco-tida. Den forfengelege tonen i songen vert fastsett av teksten «Leave his hair alone, but you can kiss his comb.» Teksten «Disco boy, do the bump every night, 'til the disco girl who's really right, gonna fall for your line, and feed you a box full of chicken delight.» indikerer at discoguten ikkje er på jakt etter kjærleik men tilfeldig sex. Teksten «but thank the lord that you still got hands, to help you do that jerkin' that'll blot out your disco sorrow» syner at når han ikkje får jenta han vil ha så kan han alltids onanere. I tillegg til disco handlar songen om korleis Zappa mislikar menn som finn seg sjølv uimotståelege for kvinner.[3] [2] [4]

Rykodisc-utgåva

[endre | endre wikiteksten]

Rykodisc-utgåva av albumet, er vokalen på «Disco Boy» miksa annleis og den tre sekundar lange trommemaskinintroen vart kutta ut.

Versjon 1:

A».Disco Boy» - 5:28
B».Ms.Pinky» - 3:40 [2]

Verfsjon 2:

A».Disco Boy» - 5:28
B».Bird Man» (Herbie Mann) - 3:40 [1]