iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Dan_Dugmore
Dan Dugmore – Wikipedia Hopp til innhald

Dan Dugmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dan Dugmore

Dugmore i 2005
Fødd1949 (75 år)
OpphavPasadena i California[1]
Aktiv1970-åra til i dag
SjangerCountry, countryrock
InstrumentPedalsteelgitar, lap steelgitar, Dobro, elektrisk gitar, akustisk gitar, banjo, mandolin
Tilknytte artistarSneaky Pete Kleinow, Linda Ronstadt, James Taylor
Verka somStudiomusikar

Daniel «Dan» Dugmore (f. 1949 ) er ein USA-amerikansk studiomusikar hovudsakleg kjend for å spele steelgitar.

Dugmore voks opp i Pasadena i California. Han var inspirert av Flying Burrito Brothers og lærte å spele steelgitar etter at Flying Burrito Brothers-medlemmet Sneaky Pete Kleinow selte han ein. Dugmore vart så med i turnébandet John Stewart og så Linda Ronstadt. Han spelte òg på fleire James Taylor-album.[2] I 1990-åra flytta han til Nashville i Tennessee, der han byrja å spele steelgitar på countryalbum. Han gav ut eit album med coverversjonar av Beatles-songar i 2003 kalla Off White Album.[3]

Dugmore spelar òg Dobro, elektrisk gitar, akustisk gitar, banjo og mandolin.[4]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]