iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Boz_Burrell
Boz Burrell – Wikipedia Hopp til innhald

Boz Burrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boz Burrell

Burrell (1976).
Fødd1. august 1946
FødestadLincoln i England
Død21. september 2006 (60 år)
DødsstadMarbella i Spania
FødenamnRaymond Burrell
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–2006
SjangerHardrock, bluesrock, progressiv rock, jazz-fusion
InstrumentVokal, bass, gitar
Kjende instrumentAmpeg AUB-1
Tilknytte artistarKing Crimson, Bad Company, Snape, Zoot Money's Big Roll Band, Tam White
PlateselskapSwan Song, Island, Virgin
Verka somMusikar, låtskrivar

Raymond «Boz» Burrell (1. august 194621. september 2006) var ein engelsk musikar. Han var opphavleg songar, men er mest kjend som bassist i rockebanda King Crimson og Bad Company.

I midten av 1960-åra song Burrell i sitt eige band, og gav seinare på tiåret ut solosinglar som vokalist, akkompagnert av Ritchie Blackmore, Ian Paice og Jon Lord, som seinare danna Deep Purple. Tidleg i 1970-åra vart han medlem av King Crimson som vokalist. Då bandet ikkje fann ein høvande bassist, fekk Burrell opplæring på instrumentet av gitarist Robert Fripp.[1] Han spelte inn Islands (1971) med bandet og er òg å høyre på konsertalbumet Earthbound.[2] Burrell syng òg på Centipede-albumet Septober Energy (1971).[3]

I 1973 danna Burrell bandet Snape med medlemmar av King Crimson og Alexis Korner[1] og vart så første bassisten i rockebandet Bad Company,[2]. Burrell vart verande med bandet fram til 1999. Sidan har Burrell arbeidd med Tam White og Zoot Money's Big Roll Band. Han døydde av eit hjarteattakk i Spania den 21. september 2006, 60 år gammal.[4]

  1. 1,0 1,1 George-Warren, Romanowski, Pareles. The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll. Edition 3. 
  2. 2,0 2,1 Eur. International Who's Who in Popular Music, Volume 4. s. 72. 
  3. The Wire, Issues 197-202. The Wire. 
  4. Leigh,Spencer (25. september 2006). «Boz Burrell obituary». independent.co.uk. Henta 12. juni 2012. 
  • Denne artikkelen bygger på «Boz Burrell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2012.
  • Eur.International Who's Who in Popular Music. Volume 4. Edition 4. Routledge (2002) ISBN 978-1-85743-161-2
  • Fletcher, Tony. Moon: The Life and Death of a Rock Legend. HarperCollins (2000). ISBN 978-0-380-78827-9
  • George-Warren Holly, Romanowski Patricia, Pareles Jon. The Rolling stone encyclopedia of rock & roll. Edition 3 (revised). Fireside (2001) ISBN 978-0-7432-0120-9
  • Hjort, Christopher. Strange Brew: Eric Clapton & the British blues boom, 1965-1970. Jawbone Press (2007) ISBN 978-1-906002-00-8
  • Various. Mojo, Issues 154-157. EMAP Performance (2006). Original from the University of Virginia (digitized Jan 22, 2010)
  • Neill Andrew, Kent Matthew, Daltrey Roger, Stamp Chris. "Anyway, Anyhow, Anywhere: The Complete Chronicle of the Who 1958-1978". Sterling Publishing Company (2009). ISBN 978-1-4027-6691-6
  • Various. The Wire, Issues 197-202. The Wire (2000). Original from the University of Virginia. Digitized (Feb 16, 2010)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]