Boknafjorden
Boknafjorden er ein brei fjord som skjer Rogaland fylke halvvegs i to. I nord er han avgrensa av øyane Karmøy og Bokn og fastlandet, på sørsida ligg mellom anna Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy. Boknafjorden deler seg sidan i ei rekke smale fjordar innover i Ryfylke.
Sjølve Boknafjorden er danna ved at berggrunnen har sokke ned, og er mest for ein havarm å rekne, ulikt det typiske for vestlandske fjordar som er at isbrear har grave seg ned i og utvida allereie danna sprekkar i fjellgrunnen. Dette gjer Boknafjorden ulik andre fjordar på Vestlandet, og han er open og vid med mange øyar. Lenger inne får han sidearmar som er smale og langstrekte.
I det store prosjektet om å få Rogaland ferjefritt, med hjelp av bruer over og tunnelar under vatnet, er tunnel under Boknafjorden ei viktig sak. Arbeidet med den planlagde tunnelen, kalla Rogfast, er på planleggingsstadiet og byggjestart var opphavleg rekna til 2012, men sidan prosjektet ikkje vart nemnd i Nasjonal Transportplan 2010-2019 må truleg byggjestarten utsettast til etter 2020.[1]
Lengd
[endre | endre wikiteksten]Sjølve Boknafjorden er om lag 35 km lang frå innløpet sør for Karmøy til innløpet til Nedstrandfjorden. Heile fjordsystemet med Boknafjorden og alle sidefjordane er derimot langt lengre og frå innløpet ved Karmøy og til botn av Lysefjorden er det om lag 100 km.
Lengda av Boknafjorden langs dei forskjellige fjordsystema:
- Via Kvitsøyfjorden til botn av Gandsfjorden: 51 km
- Via Mastrafjorden, Hidlefjorden og Høgsfjorden til botn av Frafjorden: 81 km
- Via Mastrafjorden, Hidlefjorden og Høgsfjorden til botn av Lysefjorden: 103 km
- Via Gardssundfjorden til botn av Jøsenfjorden: 80 km
- Via Hervikfjorden og Skjoldafjorden til botn av Grindefjorden: 65 km
- Via Nedstrandfjorden til botn av Vindafjorden: 79 km
- Via Nedstrandfjorden og Sandsfjorden til botn av Hylsfjorden: 98 km
- Via Nedstrandfjorden og Sandsfjorden til botn av Saudafjorden: 94 km
Side- og delfjordar
[endre | endre wikiteksten]Fra kysten mot innlandet
- Skudenesfjorden (15 km)
- Karmøysundet
- Boknasundet
- Kvitsøyfjorden (9 km)
- Byfjorden i Stavanger (10,5 km)
- Åmøyfjorden (4 km)
- Hidlefjorden (13 km)
- Brimsefjorden (4 km)
- Fognafjorden (18 km, inkludert Årdalsfjorden)
- Årdalsfjorden (10 km)
- Fisterfjorden (11 km)
- Horgefjorden i Stavanger (6 km)
- Idsefjorden (12 km)
- Botnsfjorden (3 km)
- Høgsfjorden (58 km, inkludert Lysefjorden)
- Lysefjorden (39 km)
- Frafjorden (6 km)
- Gandsfjorden (15 km)
- Riskafjorden (3,5 km)
- Førresfjorden (17 km)
- Førlandsfjorden (12 km)
- Mastrafjorden (12 km)
- Talgjefjorden (13 km)
- Finnøyfjorden (14 km)
- Gardssundfjorden (10 km, 32 km inn til enden av Jøsenfjorden)
- Hjelmelandsfjorden (5 km)
- Jøsenfjorden (24 km)
- Hjelmelandsfjorden (5 km)
- Gardssundfjorden (10 km, 32 km inn til enden av Jøsenfjorden)
- Hervikfjorden (14 km, 38 km til botn av Grindefjorden)
- Skjoldafjorden (15 km)
- Grindefjorden (10 km)
- Skjoldafjorden (15 km)
- Nedstrandfjorden (17 km, 61 km til botn av Saudafjorden som er del av same fjordsystem)
- Gapafjorden (6 km)
- Jelsafjorden (10 km, 25 km til botn av Tyssefjorden)
- Ombofjorden (5,5 km)
- Hjelmelandsfjorden (5 km)
- Jøsenfjorden (24 km)
- Hjelmelandsfjorden (5 km)
- Økstrafjorden (6 km)
- Erfjorden (15 km)
- Bogsfjorden (3,5 km)
- Tyssefjorden (4 km)
- Ombofjorden (5,5 km)
- Vindafjorden (31 km)
- Yrkefjorden (12 km)
- Vatsfjorden (5 km)
- Sandeidsfjorden (9 km)
- Yrkefjorden (12 km)
- Sandsfjorden (47 km)
- Lovrafjorden (4,5 km)
- Hylsfjorden (19 km)
- Saudafjorden (16 km)
Kart
[endre | endre wikiteksten]Satellittbilete over Boknafjorden med større delfjordar avmerkt.
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
fjorden
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Null til lyntog, bybane og Rogfast». Stavanger Aftenblad. 15.01.2008. Henta 25. februar 2008.