iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Aust-Aserbajdsjan
Aust-Aserbajdsjan – Wikipedia Hopp til innhald

Aust-Aserbajdsjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aust-Aserbajdsjan
آذربایجان شرقی
Provins
Land  Iran
Region Region 3
Fylke 21
Hovudstad Tabriz
Areal 45 650 km²
Folketal 3 909 652 (2016)[1]
Kart
Aust-Aserbajdsjan
38°04′36″N 46°16′48″E / 38.0766°N 46.28°E / 38.0766; 46.28
Wikimedia Commons: East Azerbaijan Province

Aust-Aserbajdsjan (farsi استان آذربایجان شرقی, Ostān-e Āzarbāijān-e Sharqi ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan, ved grensa til Armenia, Aserbajdsjan, Ardabil-provinsen, Vest-Aserbajdsjan og Zanjan-provinsen. Hovudstaden i Aust-Aserbajdsjan er Tabriz og provinsen ligg i region 3 i Iran.[4]

Arg-e Tabriz

Provinsen dekkjer eit areal på kring 47 830 km² og har kring fire millionar innbyggjarar. Provinsen deler grense med republikken Aserbajdsjan, Armenia og Nakhitsjevan i nord, Vest-Aserbajdsjan i vest, Zanjan i sør og Ardabil i aust. Eit fint nettverk av vegar og jernbanar knyter Aust-Aserbajdsjan til andre delar av Iran og nabofylka.

Det høgaste punktet i Aust-Aserbajdsjan er den vulkanske fjelltoppen Sahand på 3 707 moh, sør for Tabriz, meadn dei lågareliggande områda er kring Garmadooz (Ahar). Åsane og fjella i provinsen er delte inn i tre kjeder: Qara Daq, Sahand og Bozqoosh, og Qaflan Kooh.

Klimaet i Aust-Aserbajdsjan er eit kontinental middelhavsklima blanda med eit kaldt, halvtørt lima. Ein svak vind frå Kaspihavet har noko påverknad på klimaet i lågareliggande område.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aust-Aserbajdsjan