iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Artos
Artos – Wikipedia Hopp til innhald

Artos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artos ved ein artoklasia, signinig av påskebrød, på palmesundag i ei gresk-ortodoks kyrkje i Toronto.

Artos (ἄρτος, gammalgresk for ‘brød’[1]) er eit stykke heva brød som blir signa under gudstenesta i ortodoks[2] og orientalsk katolsk kristendom.

Til påske blir det brukt ein stor artos med eit segl som syner oppståinga til Kristus. Mindre brød blir signa i eit rituale kalla artoklasia og i samband med andre høve som festdagar for helgenar, bryllaup, minnegudstenester og likande.[2] Etter signinga blir dei skorne opp og delte ut til kyrkjelyden.[3]

  1. «Strong's Greek: 740. ἄρτος (artos) -- bread, a loaf», biblehub.com, henta 26. mars 2019 
  2. 2,0 2,1 «Άρτος». foodmuseum.cs.ucy.ac.cy (på gresk). Cyprus Food Virtual Museum. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 30. november 2015. 
  3. «artos», The Fresh Loaf (på engelsk), henta 26. mars 2019 
Spire Denne matartikkelen som har med kristendom å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.