Anzac-dagen
Anzac-dagen den 25. april er ein dag til minne om soldatar frå dei australske og newzealandske militæra som har kjempa i krigar. Han er offentleg høgtidsdag i Australia og New Zealand, men også på Cookøyane, Niue, Samoa og Tonga.
Dagen blei først markert til ære for medlemmene av Australian and New Zealand Army Corps (ANZAC) som kjempa i slaget ved Gallipoli under første verdskrigen. Seinare tok ein også med soldatar som hadde kjempa i Frankrike og Belgia, og deretter er alle krigsveteranar blitt æra.
Markeringar på Anzac-dagen kan vera militærparadar, veteransamlingar, minnesgudstenester og kransnedlegging på minnesmerke for falne og liknande seremoniar. Det er også vanleg å drikka kaffi med rom, ein såkalla gunfire breakfast som mange soldatar drakk før dei gjekk ut for å kjempa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «ANZAC-dagen» frå Wikipedia på bokmål, og «Anzac Day» frå Wikipedia på engelsk den 25. april 2009.