Alta
Alta | |||
By | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Areal | 9,81 km² | ||
Folketal | 15 931 (2023) | ||
Folketettleik | 1 624 / km² | ||
Postnummer | 9501 | ||
Innbyggjarnamn | altaværing | ||
Preposisjon | i Alta | ||
Alta 69°58′07″N 23°16′17″E / 69.96861111°N 23.27138889°E | |||
Wikimedia Commons: Alta (town) |
Alta er ein by og administrasjonssenteret i Alta kommune, vest i Finnmark. Han har litt over 15 000 innbyggjarar, og er den største byen i Finnmark.[1] Byen femner Bossekop, Bukta, Elvebakken, Midtbakken og Sentrum, som er vaksne saman til ein langstrekt tettstad. Dei blei innlemma i Alta då tettstaden fekk bystatus i 2000.[2]
Kultur og utdanning
[endre | endre wikiteksten]I Alta sentrum ligg Storsteinen, med 600 helleristingar frå Komsakulturen (3500-1500 fvt.). Nordlyskatedralen blei vigsla 10. februar 2013.[2]
Nordlysbadet har eit konkurransebasseng på 25 meter. Finnmarkshallen er ein fleirbrukshall frå 1996.[2]
Avisa Altaposten kjem ut i byen.
Alta er det viktigaste skulesenteret i Finnmark, med mellom anna vidaregåande skule og folkehøgskule. Noregs arktiske universitet har ei avdeling i Alta, Campus Alta, som utdannar ingeniørar og lærarar.[3]
Aronnesrocken er ein årleg rockefestival på Aronnes.[2] Finnmarksløpet blir halde årleg med start og mål i Alta sentrum.[2] Sykkelrittet Arctic Race of Norway 2014 hadde målgang for 2. etappe og start for 3. etappe i Alta sentrum. Arctic Race of Norway 2018 blei avslutta i Alta med ein etappe frå Kvalsund.[2]
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Mykje av industrien i kommunen er konsentrert i og kring tettstaden. Her finn ein fleire trevarefabrikkar og sagbruk, betongvarefabrikk,skiferbrudd, handelsgartneri, meieri og maritim sørvis.[2] Mange innbyggjarar pendler med båt til Stjernøya i Altafjorden, der det er gruvedrift. Ein henter ut mineralet nefelinsyenitt frå fjellet Nabbaren.[4]
Transport
[endre | endre wikiteksten]Lufthamna i byen ligg attmed Vestre Elvebakken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tettsteders befolkning og areal», ssb.no (på norsk), 3. desember 2018, henta 9. mai 2019
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Askheim, Svein (6. august 2018). «Alta – by». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Ole Magnus Rapp (16. april 2019). «Klarsynt i Alta». Klassekampen. s. 8.
- ↑ Ole Magnus Rapp (2. september 2017). «Det ettertraktede mineralet nefelinsyenitt hentes fra fjellet Nabbaren i Finnmark: Gruva som er gull verdt». Klassekampen. s. 16.