iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.wikipedia.org/wiki/Aleksandra_land
Aleksandra land – Wikipedia Hopp til innhald

Aleksandra land

Koordinatar: 80°38′N 46°35′E / 80.63°N 46.58°E / 80.63; 46.58
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandra land
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 1 095 km²
Folketal 5
Kart
Aleksandra land
80°38′38″N 46°49′50″E / 80.643888888889°N 46.830555555556°E / 80.643888888889; 46.830555555556
Wikimedia Commons: Alexandra Land
Plasseringa til Aleksandra land i Frans Josef Land

Aleksandra land (russisk Земля Александры , Zemlja Aleksandry) er ei stor øy i Frans Josefs land i Russland. Om ein ser bort frå Viktoriaøya, som ligg mykje lenger vest, er ho den vestlegaste øya i Frans Josefs land.

Det høgaste punktet på øya er 382 meter. Sundet Cambridge Channel (Proliv Kambritch) ligg mellom Aleksandra land og Georg Land.

Øya har to nes som peikar sørover på sørkysten, Kapp Lofley og Kapp Ludlow. Eit anna nes peikar vestover og heiter Kapp Mary Harmsworth, det vestlegaste punktet i det eigentlege Frans Josef Land.

Aleksandra land vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til ære for storhertuginne Aleksandra Pavlovna av Russland (1783-1801), som vart erkehertuginne av Austerrike då ho gifta seg med erkehertug Josef, pfalzgreve av Ungarn.

Den russiske sjøfararen Valerian Albanov av «Svjataja Anna» nådde Kapp Mary Harmsworth på Aleksandra land i 1914 etter ei lang og tragisk ferd over pol-isen. Kapp Mary Harmsworth er kalla opp etter kona til Alfred Harmsworth, eit medlem av Royal Geographical Society som var hovudsponsor for Jackson-Harmsworth polekspedisjon til Frans Josefs land i 1894.

Nagurskaja er ein russisk base som ligg på øya. Han vart kalla opp etter flypioneren Jan Nagórski og var ein av dei viktigaste vêrstasjonane på øygruppa under den kalde krigen. Basen har ei 1500 meter lang flystripe på snøen. Eit lastefly av typen Antonov An-72 kræsja då det skulle lande på Nagurskaja 23. desember 1996.

80°38′N 46°35′E / 80.63°N 46.58°E / 80.63; 46.58