iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.m.wikipedia.org/wiki/Verdas_helseorganisasjon
Verdsorganisasjonen for helse – Wikipedia

Verdsorganisasjonen for helse

(Omdirigert frå Verdas helseorganisasjon)

Verdsorganisasjonen for helse (engelsk World Health Organization – WHO, fransk Organisation mondiale de la santé – OMS) er eit av dei spesialiserte organa til Dei sameinte nasjonane. På norsk blir ofte den engelske forkortinga WHO nytta.

Verdsorganisasjonen for helse

Skipa7. april 1948
MorselskapDei sameinte nasjonane
HovudkontorGenève[1]
LandSveits,[2] Filippinane, Egypt, USA, Danmark, India, Kongo-Brazzaville
Nettstadhttps://www.who.int (engelsk)
Flagget til Verdsorganisasjonen for helse.

Organisasjonen har 192 medlemsland (2006). Dette inkluderer alle medlemslanda i SN, med unnatak av Liechtenstein. Hovudsetet ligg i Genève i Sveits.

Formål

endre

Formålet til Verdsorganisasjonen for helse er å arbeide for at alle folk skal ha så god helse som mogleg. Helse blir i denne samanhengen definert som ein tilstand av full fysisk, mental og sosial velvære, ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit.

Arbeidsområda til WHO spenner frå å kjempe mot infeksjonssjukdommar til kampanjar for å auke inntaket av grønsaker og mot bruk av tobakk. WHO forskar dessutan mykje på helseverknader.

Historie

endre

Organisasjonen vart oppretta 7. april 1948. Han tok da over store delar av mandatet og ressursane til Helseorganisasjonen (engelsk Health Organization), som hadde vore eit organ under Folkeforbundet.

Generaldirektørar

endre

Sidan starten har det vore seks ulike generaldirektørar i WHO. Den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland var generaldirektør i perioden mellom 1998 og 2003.[3]

Namn Land Tidsperiode
Margaret Chan Hong Kong 2006– (framleis)
Anders Nordström Sverige 2006– (fungerande etter dødsfallet til Lee Jong-wook)
Lee Jong-wook Sør-Korea 20032006
Gro Harlem Brundtland Noreg 19982003
Hiroshi Nakajima Japan 19881998
Halfdan T. Mahler Danmark 19731988
Marcolino Gomes Candau Brasil 19531973
Brock Chisholm Canada 19481953

Kjelder

endre
  1. «Contact the World Health Organization» (på engelsk). Henta 27. juli 2024. 
  2. http://www.unbrussels.org/world-health-organization-who/.
  3. «Former Directors-General». Verdsorganisasjonen for helse. Henta 18. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre