Sandra Perković
Sandra Perković (fødd 21. juni 1990), gift Elkasević, er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Perioden 2010-24 vann ho gullmedaljen i diskoskast i sju europameisterskap i rad. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og 2016, og vart verdsmeister i 2013 og 2017. Perković presterte livsbeste 71,41 meter sommaren 2017.
Sandra Perković | |
Statsborgarskap | Kroatia |
Fødd | 21. juni 1990 (34 år) Zagreb |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Junior-VM i friidrett 2006, Ungdoms-VM i friidrett 2007, Junior-EM i friidrett 2007, athletics at the 2007 European Youth Olympic Festival, 2008 World Junior Championships in Athletics – women's discus throw, Junior-EM i friidrett 2009, 2009 IAAF World Athletics Final, Diskoskast under EM i friidrett 2010 – Kvinner, Kontinentalcupen i friidrett 2010, 2012 European Athletics Championships – women's discus throw, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Q13592728, VM i friidrett 2013 – Diskoskast damer, 2014 European Athletics Championships – women's discus throw, Kontinentalcupen i friidrett 2014, VM i friidrett 2015 – Diskoskast damer, 2016 European Athletics Championships – women's discus throw, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner, VM i friidrett 2017 – Diskoskast kvinner, Q97182588, 2018 European Athletics Championships – women's discus throw, Kontinentalcupen i friidrett 2018, VM i friidrett 2019 – Diskoskast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Diskoskast kvinner, VM i friidrett 2022 – Diskoskast kvinner, EM i friidrett 2022 – Diskoskast kvinner, VM i friidrett 2023 – Diskoskast kvinner, EM i friidrett 2024 – Diskoskast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2024 – Diskoskast kvinner |
Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter. Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.[1]
Perković vart medlem av det kroatiske parlamentet ved valet i 2015, og sat i under eit år.[2]
Doping
endreI 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.[3]
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2009 i Berlin: Nr 9 – 60,77 m
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 64,67 m, framom Nicoleta Grasu (63,48 m)
- EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 67,62 m, framom Nadine Müller (65,41 m)
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 69,11 m, framom Li Yanfeng (67,22 m)
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 67,99 m, framom Mélina Robert-Michon (66,28 m)
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 71,08 m, framom Mélina Robert-Michon (65,33 m)
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 67,39 m, bakom Denia Caballero (69,28 m)
- EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 69,97 m, framom Julia Fischer (65,77 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 69,21 m, framom Mélina Robert-Michon (66,73 m)
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 70,31 m, framom Dani Stevens (69,64 m)
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 67,62 m, framom Nadine Müller (63,00 m)
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 66,72 m
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 4 – 65,01 m
- VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje – 68,45, bakom Feng Bin (69,12 m)
- EM 2022 i München: Gullmedalje – 67,95 m, framom Kristin Pudenz (67,87 m)
- VM 2023 i Budapest: Nr 5 – 66,57 m
- EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 67,04 m, framom Jorinde van Klinken (65,99 m)
- OL 2024 i Paris: Bronsemedalje – 67,51 m
Kjelder
endre- ↑ «2016 Summer Olympics - Athletes, Sandra Perkovic» (på engelsk). ESPN - Medal Tracker. Arkivert frå originalen 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017.
- ↑ «8. saziv Hrvatskoga sabora (28.12.2015. - 14.10.2016.) Sandra Perković (BM 365)». sabor.hr (på kroatisk). Hrvatski sabor.
- ↑ Smolčić, P. (22. juli 2011). «Perković ipak smije na Igre: Sretna sam, iako ni šest mjeseci nije malo». Slobodna Dalmacija (på kroatisk). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 4. august 2011.
- «Sandra Perković» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 3. desember 2016. Henta 29. januar 2017.
- (en) Sandra Perković – Profil på nettsida til IAAF