Porsgrunn kommune
Porsgrunn kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen blei slegen i hop med dei tidlegare kommunane Brevik og Eidanger 1. januar 1964. Porsgrunn kommune grensar i nord til Skien kommune og Siljan kommune, i aust mot Larvik kommune, og i vest mot Bamble kommune. Høgaste punkt er Fjerdingen, 361 moh.
Porsgrunn kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Porsgrunn | ||
Areal | 164,45 km² | ||
• land | 161,36 km² | ||
• vatn | 3,09 km² | ||
Folketal | 37 193 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Janicke Andreassen (Ap) | ||
Kommunenr. | 4001 | ||
Porsgrunn 59°08′31″N 9°39′24″E / 59.1419°N 9.6568°E | |||
Kart som viser Porsgrunn kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Porsgrunn | |||
Nettstad: www.porsgrunn.kommune.no |
Porsgrunn by er administrasjonssenteret i kommunen. Byen ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget og er ein viktig industriby.
Av næringsverksemd i Porsgrunn er det tung- og prosessindustri som skil seg ut. Norsk Hydro med Agri og Polymer-divisjonane, er Porsgrunn sin største industri-arbeidsgjevar. Yara, ein av dei største kunstgjødsel-fabrikkane i verda, er lokalisert her. Porsgrunds Porselænsfabrik, Eramet og Norcem er andre viktige industrielle aktørar i Porsgrunn.
Av kulturartilskipingar kan ein mellom anna nemna Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival (PIT).[1]
Namnet Porsgrunn
endreByen skal ha fått namn etter ei grunne – eller lita øy – i Porsgrunnselva som var tilvaksen med pors (myrica gale). Øya låg litt nedanfor der Porsgrunnsbrua no ligg, ved venstre breidd (jamfør kartet til venstre), der kjøpesenteret Downtown ligg no. Namnet blir i dag uttala /²poʃgrʉn/ [²pʰɔʃkɾʉn̻]. Fram til byrjinga av 1900-talet var /²posgrʉn/ [²pʰɔskɾʉn̻] den vanlege uttalen, og pors heitte /¹post/ [¹pʰɔs̻t̻] på tradisjonelt porsgrunnsmål.[2]
Venskapsbyar
endrePorsgrunnsdialekten
endreTradisjonelt talemål i Porsgrunn kommune er variantar av grenlandsmålet, som utgjer ei undergruppe av dei vikværske dialektane.
Folk frå Porsgrunn
endre- Cort Adeler (1622–1675), admiral
- Steinar Schjøtt (1844–1920), ordbokredaktør og omsetjar
- Johan Castberg (1862-1926), politikar, statsråd
- Jan Thomas Njerve (1927-2014), kunstmålar
- Hans Reynolds (1876-1933), journalist, forfattar og statsstipendiat
- Arne Martin Klausen (1927-), professor (sosialantropologi)
- Jahn Otto Johansen (1934–2018), utanrikskorrespondent (NRK), sjefredaktør i Dagbladet og forfattar
- Finn Kristensen (1936-), stortingsrepresentant (Ap), statsråd.
- Harald Berntsen (1945–), historikar
- Mads Gilbert (f. 1947), forfattar, lege, fylkesting-politikar
- Petter Stordalen (1962-), hotelleigar
- Anne Aasheim (1962–), journalist, redaktør i NRK, sjefredaktør i Dagbladet
- Ronny Deila (f. 1975), fotballtrenar
Kjelder
endre- «Vennskapsbyer - Porsgrunn kommune». 10. mai 2010. Henta 12. juni 2013.
Bibliografi
endre- Reynolds, Hans 1952. Porsgrunns-maal. Ordsamling og Porsgrunnsviser. (Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud. 2.) Oslo, i kommisjon hos Jacob Dybwad.
Fotnotar
endre- ↑ http://www.pit.no
- ↑ Jf. Reynolds (1952).