Larry Sanger
Lawrence Mark Sanger (fødd 16. juli 1968), meir kjend som Larry Sanger, er ein amerikansk internett-prosjekutviklar som var med på å grunnleggja Wikipedia og seinare grunnla Citizendium.[1][2]
Larry Sanger | |||
| |||
Fødd | Lawrence Mark Sanger 16. juli 1968 Bellevue i Washington | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Område | filosofi | ||
Yrke | filosof, bloggar, informatikar, forretningsdrivande | ||
Institusjonar | Bomis Nupedia Ohio State University Citizendium | ||
Alma mater | Reed College Ohio State University Service High School |
Oppvekst og utdanning
endreLawrence Mark Sanger vart fødd i 1968 i Bellevue i Washington og voks opp i Anchorage i Alaska. Han oppnådde bachelorgraden i filosofi ved Reed College i 1991 og Ph.D.-graden i filosofi ved Ohio State University i 2000 med doktorgradsavhandlinga Epistemic Circularity: An Essay on the Problem of Meta-Justification.
Nupedia og Wikipedia
endreNupedia var eit oppslagsverk på verdsveven med artiklar skrivne av frivillige med ekspertise på emnet som blei gjennomgått av redaktørar før dei blei utgjevne som fritt innhald.[3][4] Jimmy Wales var ein grunnleggjar medan Bomis løyva midlar, medan Sanger blei hyra som sjefsredaktør.[5][6] Han fekk ansvar for Nupedia frå februar 2000.[7] Sanger utvikla ein gjennomgangsprosess for artiklar og rekruterte redaktørar.[3]
Både Wales og Sanger var frustrerte av den sakte veksten til Nupedia.[8] I januar 2001 føreslo Sanger å laga ein wiki for å skunda på utviklinga av artiklar, og resultatet blei Wikipedia.[9][10] Wikipedia blei offisielt lansert 15. januar 2001.[11][12] Både Sanger og Wales blei overraska over kor fort det nye prosjektet voks. Berre på nokre dagar var Wikipedia blitt større enn Nupedia, og det danna seg ei lita sosial gruppe av skribetar.[9]
Sanger opplevde at han kjempa ein stadig kamp mot «nettroll» og «anarkist-typar», og ønskte ein større bruk av ekspert-redaktørar med autoritet til å løysa kranglar og sjå etter at reglar blei følgde.[13] Utmatta av det langvarig strid om innhald og med kjensla av ei manglande støtte frå Wales forlét Sanger til slutt prosjektet.[13]
Etter Wikipedia
endreEtter arebidet med Wikipeda har Sanger vendt attende til den akademiske verda, og han er no førelesar ved Ohio State University, der han underviser i filosofi. Spesialfeltet hans er epistemologi med hovudvekt på 1600-talsfilosofi og etikk. I fritida spelar og underviser han irsk folkemusikk på fele i Columbus og Dayton i Ohio.
Sanger var grunnleggjaren og eksekutivsjefen for «Sanger’s Review of Y2K News Reports» (tidlegare på sangersreview.com [1]), ein ressurs for Y2K-overvakarar, og han driv òg ein nettstad om Donegal-feletradisjonen.
Kjelder
endre- ↑ Walker, Lauren (16. desember 2014). «‘Wikipedia for News’ Becomes Open to the Public». Newsweek. Henta 16. desember 2014.
- ↑ Anderson, Nate (21. november 2007). «Larry Sanger says "tipping point" approaching for expert-guided Citizendium wiki». Ars Technica. Henta 21. november 2007.
- ↑ 3,0 3,1 Gouthro, Liane (March 10, 2000). «Building the world's biggest encyclopedia». PCWorld. Arkivert frå originalen 6. september 2009. Henta March 25, 2007.
- ↑ «Nupedia.com Editorial Policy Guidelines, Overview: Assignment». Nupedia.com. mai 2000. Arkivert frå originalen 7. juni 2001.
- ↑ Williams, Sam (27. april 2004). «Everyone is an editor». Salon Media Group. s. 2. Henta 15. april 2009.
- ↑ Sidener, Jonathan (6. desember 2004). «Everyone's Encyclopedia». The San Diego Union-Tribune. Arkivert frå originalen 14. januar 2016. Henta 25. mars 2007.
- ↑ Lydgate, Chris (June 2010). «Deconstructing Wikipedia». Reed Magazine. Henta 1. november 2013.
- ↑ Betz, Lindsay (1. juni 2007). «Wikipedia formed by former Buckeye». The Lantern (The Ohio State University). Arkivert frå originalen 3. juni 2007. Henta 1. juni 2007.
- ↑ 9,0 9,1 Poe, Marshall (september 2006). «The Hive». The Atlantic Monthly. Henta 22. oktober 2013. «Wales and Sanger created the first Nupedia wiki on January 10, 2001. The initial purpose was to get the public to add entries that would then be 'fed into the Nupedia process' of authorization. Most of Nupedia's expert volunteers, however, wanted nothing to do with this, so Sanger decided to launch a separate site called 'Wikipedia.' Neither Sanger nor Wales looked on Wikipedia as anything more than a lark. This is evident in Sanger's flip announcement of Wikipedia to the Nupedia discussion list. 'Humor me,' he wrote. 'Go there and add a little article. It will take all of five or ten minutes.' And, to Sanger's surprise, go they did. Within a few days, Wikipedia outstripped Nupedia in terms of quantity, if not quality, and a small community developed. In late January, Sanger created a Wikipedia discussion list (Wikipedia-L) to facilitate discussion of the project.»
- ↑ Sanger, Larry (19. august 2012). «On the moral bankruptcy of Wikipedia's anonymous administration». Larry Sanger. Henta 1. november 2013.
- ↑ Walker, Leslie (9. september 2004). «Spreading knowledge, the Wiki way». Washington Post. Henta February 5, 2008.
- ↑ Long, Tony (15. januar 2008). «Enter Wikipedia, for Better and Worse». Wired (Wired News). Henta 5. februar 2008.
- ↑ 13,0 13,1 Waters, Richard (10. november 2006). «Wikipedia stand-off in search for online truth». Financial Times. Henta 15. oktober 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Larry Sanger» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Academic home page of Larry Sanger Arkivert 2005-01-06 ved Wayback Machine.
- Wikipedia user page of Larry Sanger
- Personal Statement about Wikipedia's Reliability Arkivert 2005-07-16 ved Wayback Machine. (December 2004)
- Columns about Wikipedia written by Sanger—On Meta. («Possibly outdated», he says.)
- Donegal Fiddle Pages
- Epistemic Circularity: An Essay on the Problem of Meta-Justification
- Introductory philosophy lectures from Sanger's 1998 course at Ohio State University (many of these have been greatly edited from Sanger's originals—"as they should be", he says.)
- Larry Sanger’s Knowledge Free-for-All Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.—Technology review article
- Britannica or Nupedia? The Future of Free Encyclopedias Kuro5hin (July 25, 2001 op-ed article)
- Wikipedia is wide open. Why is it growing so fast? Why isn't it full of nonsense? Kuro5hin (September 24, 2001 op-ed article)
- Why Wikipedia Must Jettison Its Anti-Elitism Kuro5hin (December 31, 2004 op-ed article)
- The Early History of Nupedia and Wikipedia: A Memoir and Part II Slashdot (April 18-19, 2005)