iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://nn.m.wikipedia.org/wiki/Hafnarfjörður
Hafnarfjörður – Wikipedia

Hafnarfjörður, med det offisielle namnet Hafnarfjarðarbær, er ein kommune på Sørvest-Island, i regionen Höfuðborgarsvæðið. Den 1. desember 2006 hadde Hafnarfjörður 23 674 innbyggarar, som gjorde den til den tredje største kommunen på Island.

Hafnarfjörður
kommune
Land  Island
Region Höfuðborgarsvæðið
Areal 143 km²
Folketal 30 568 (1. januar 2023)[1]
Kart
Hafnarfjörður
64°04′00″N 21°57′00″W / 64.066666666667°N 21.95°W / 64.066666666667; -21.95
Kart som viser Hafnarfjörður.
Kart som viser Hafnarfjörður.
Kart som viser Hafnarfjörður.
Wikimedia Commons: Hafnarfjörður

Frå det 16. hundreåret har det vore ei travel hamn i Hafnarfjörður der det har vore handla med all slags varer. Ålesundaren Hans Wingaard Friis d.y dreiv eit betydleg torskefiske med line med tre fiskefarty i perioden 1906 til 1909. Fisken vart tilvirka av islandske og norske arbeidarar i eiga sjøbu. Ein eigen norsk I.O.G.T losje, Hjemmets Minde under Islands Storlosje av I.O.G.T, vart stifta i 1906.[2]

I dag er det eit aluminiumsmelteverk i Hafnarfjörður, det eldste på Island. Hafnarfjörður var den første staden det vart satt opp elektrisitetsnettverk på Island, dette var i 1904.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://statice.is/statistics/population/inhabitants/municipalities-and-urban-nuclei/.
  2. Vollan Odd Omlegging av fisket i Ålesund og på Sunnmøre 1942

Bakgrunnsstoff

endre