Þjórsá
Þjórsá (utt. thjours-ao) er den lengste elva på Island. Ho er 230 km lang, startar frå breen Hofsjökull og renn mot sør. Elva endar i Atlanterhavet vest for Þykkvabær med ei middelvassføring på 360 m³/s. Þjórsá er grense mellom Rangárvallasýsla og Árnessýsla og er samtidig smittevernslinje for bufe.
Þjórsá | |||
elv | |||
Þjórsá ved Þverá í Gnúpverjahreppur
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Lengd | 230 km | ||
Middelvassføring | 360 m³/s | ||
Kjelde | Hofsjökull | ||
Munning | Atlanterhavet | ||
Þjórsá 64°13′40″N 19°26′30″W / 64.2277046979°N 19.4417320387°W | |||
Wikimedia Commons: Þjórsá |
Kommunikasjon
endreDet er to bruer over elva, ei ved Þjórsártún og ei anna rett nedanfor kraftverket Sultartangjavirkjun. Den gamle brua ved Þjótandi blei tatt i bruk i 1895 og reparert i 1949. Den nye brua blei opna i 2003 og er omtrent ein kilometer unna den andre.
I tillegg er det nokre vadestader ved elva, verdt å nemne er Nautavað ved Þjórsárholt og Hagavað ved garden Hagi.
Den gamle Sprengisandsleia gjekk inn gjennom Gnúpverjaafréttur og over Þjórsá ved vadet tvers av Sóleyjarhöfði aust for elva. På vestsida her er det ei fjellstue (med namnet Bólstaður) for turgåarar som kjem frå Gnúpverjahreppur.
Kraftverk
endreDet er to vasskraftverk i Þjórsá: Búrfellsvirkjun og Sultartangavirkjun. I tillegg er Búðarhálsvirkjun under bygging og på teiknebordet er det enda to: Núpsvirkjun og Urriðafossvirkjun. Dette gjer at elva er den viktigaste produsenten av vasskraft på Island.
Fossar
endreDet er fleire fossar i Þjórsá fossar. Sett frå starten er dei: Kjálkaversfoss, Dynkur, Gljúfurleitarfoss, Tröllkonuhlaup, Þjófafoss, Minna-Núps flúðir, Búðafoss og Hestfoss på kvar side av Árnes og til slutt Urriðafoss.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Vísindavefurinn: Hver er lengsta á á Íslandi og hvað er hún löng?
- Vegagerðin - saga og minjar - söguleg gögn - blaðaefni um vegagerð árið 1895b Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine. lese 26. februar 2006
- Bok av Gísli Gestsson: Árbók FÍ 1956. Árnessýsla milli Hvítár og Þjórsár