Augustus
- For tittelen, sjå augustus og augusta.
Augustus | |||
| |||
Fødd | 23. september 63 f.Kr. | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Roma | ||
Død | 19. august 14 | ||
Dødsstad | Nola | ||
Gravstad | Augustus' mausoleum | ||
Gift med | Claudia, Scribonia, Livia Drusilla | ||
Dynasti | Julo-claudiske dynasti, Julii Caesares, Octavii Rufi | ||
Far | Gaius Octavius, Julius Cæsar | ||
Mor | Azia maggiore | ||
Born | Julia the Elder, Gaius Cæsar, Lucius Cæsar, Tiberius av Romarriket, Marcus Postumus |
Augustus (23. september -63–19. august 14) var keisar av Romarriket frå år 30 fvt til år 14. Han vert rekna som den fyrste romerske keisaren og grunnleggjar av prinsipatet.[1][2] Som keisar vart han kalla Imperator Caesar Augustus (Latin IMP·CAESAR·DIVI·F·AVGVSTVS).
Augustus vart oppfostra av onkelen sin, Gaius Julius Cæsar. Etter at Cæsar vart myrda i år 44 fvt utkjempa Augustus ein i borgarkrig med Marcus Antonius og kjempa mot Kleopatra av Egypt.
Fødenamnet til Augustus var Gaius Octavius. Namnet vart endra til Gaius Caesar Octavianus («den octavianske cæsar»), etter at Cæsar adopterte han straks før Cæsar vart myrda.
I Nytestamentet i Bibelen vert det skildra korleis keisar Augustus gjev ordre om at heile verda (dvs. heile Romarriket) skal skrivast inn i manntal. Manntalet vart utført kring år 4 fvt, då Jesus vart fødd.
Augustus døydde 76 år gamal og vart etterfylgd av Tiberius Julius Caesar (som keisar omtala som Tiberius).
Månaden august er oppkalla etter Augustus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Augustus | Biography, Accomplishments, Statue, Death, Definition, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 29. juli 2022
- ↑ Steen, Tone; Iddeng, Jon Wikene (1. april 2022). «Augustus – første romerske keiser». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |