Harpy
- Denne artikkelen handlar om fabevelsenet. For fuglen, sjå harpyørn.
Harpy (gresk fleirtal ἅρπυια, harpūia, «snapparar», latin harpeia) var vesen i gresk og romersk mytologi forma som hybridar mellom fuglar og kvinner. Dei var vindånder med venger og hadde ei viss tilknyting til underverda.[1] Den bokstavelege tydinga av ordet synest å vera «det som snappar» sidan det kjem frå gresk harpazein (ἁρπάζειν), som tyder «å snappa» eller «å ta».[2]
Harpyane skal vera døtrene til Thaumas (sonen til Pontus, eller havet) og Elektra (dottera til Okeanus).[3]
Soger
[endre | endre wikiteksten]Harpyar opptrer i Odysseen som vindar som fører bort folk. Her blir det sagt at folk som plutseleg forsvinn er blitt førte bort av harpyar.[4] Dei tok med seg døtrene til kong Pandareus for å tena erinnyene.[5]
Dei er kjende frå soga om Jason og argonautane, der dei stal all maten til den fønikiske kongen Fineas frå Thrakia, og gjorde heimen hans illeluktande. I Vergil sin versjon av soga heiter hovudharpyen Celaeno ('mørk').[1]
Homer nemnar ein harpy ved namn, Podarge. Hesiod nemnar to, Aello og Okypete.[1]
Ein harpy var mor til vestavinden Zephyros, tidvis skildra som ein av hestane til Akilles.[6] I denne konteksten har Jane Ellen Harrison oppført oppfatninga i Vergil si Georgica[7] der hoppene blei gjort drektige av vinden åleine.[8]
Ifølgje Vergil held harpyane til på øyane Strofades,[9] eller ved inngangen til Orcus,[10] ein gud i underverda. Ifølgje Apollonius bur dei i ei hole på Kreta.[11]
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]Harpyar blei opphavleg førestilte og framstilte som kvinner med venger, og seinare som fæle rovfuglar med kvinnehovud. Hesiod kalla dei for «ven-håra» vesen,[12] og bilde på greske keramikkvasar har framstilt harpyane som vene kvinner med venger. Harpyar som stygge og skremmande venga fuglekvinner, som i Eumenidene av Aiskhylos (linje femti) er ei seinare utvikling, grunna ei samanblanding med sirenene. Romerske og bysantinske forfattarar skildra i utpensla detaljar kor fæle og stygge dei var.
Også i moderne tid har ein nytta harpyar i symbolsk kunst, blant anna av Edvard Munch i ei tusjteikning (og variantar i andre media) frå 1898. Hjå Munch er kvinna blitt til eit rovdyr og ein åtseleter med skarpe klør og store mørke venger.[13]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tresnitt av ein harpy av Melchior Lorch frå 1582.
-
Harpy (1894) av Edvard Munch. Ved Art Institute of Chicago.
-
Harpy (1899) av Edvard Munch. Ved Thielska Galleriet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Harpy | mythology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 4. januar 2021
- ↑ «harpy, n.», OED Online (Oxford University Press), desember 2020
- ↑ Howatson, M. C., red. (2011), «Harpies», The Oxford Companion to Classical Literature (Oxford University Press)
- ↑ Homer, Odysseen, Bok 1.241, 14.371
- ↑ Homer, Odysseen, Bok 20.78
- ↑ Iliaden, xvi. 150.
- ↑ iii.274
- ↑ saepe sine ullis
conjugis vento, gravidae mirabile dictu;
notert og sitert i Harrison, Jane Ellen (1922): Prolegomena to the Study of Greek Religion, s. 178. - ↑ Virgil. Æneiden, Bok 3.210
- ↑ Virgil. Æneiden, Bok 6.289
- ↑ Apollonius. Argonautica, Bok 2.298
- ↑ Hesiod: Theogonien, 267.
- ↑ Harpy Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine., Munchtegneren, Munchmuseet.
- Denne artikkelen bygger på «Harpyier» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2021.